Barneskulen blir ikkje nedlagd
Av: Agnes Fosse 31.08.2000
Bjoa Montessoriforeining har ingen planar om å legge ned den kommunale barneskulen på Bjoa. Me synes det er på sin plass å kommentere søknaden om privat Montessoriskule, etter avisskriverier frå formannskapsmøtet om denne saka. Bjoa Montessoriskule har søkt om godkjenning for 1-10 skule. Me har ikkje tenkt å starte opp noko anna enn ungdomstrinnet. I dag har me ein god kommunal barneskule i bygda, som me ynskjer å behalda. Derimot la kommunen ned ungdomstrinnet. Difor ynskjer me å skape eit alternativ til denne. Det er Ølen kommune, og ingen andre som kan leggje ned kommunale skular.
Me ynskjer, om me får godkjenning, å starte opp ein Montessori ungdomsskule som arbeider mot å få eit godt samarbeid med den kommunale barneskulen i bygda vår. Fleire stader i landet vert det dreve Montessoriskular i same bygg som kommunale skular, eller i tett nærleik.
Bjoa Montessoriforeining synest det no måtte ut ein informasjon om dette, slik at det ikkje skapar usikkerhet i bygda om den kommunale barneskulen. Det er vanleg å søkje om heile skular og like vanleg å starte opp berre delar av denne.
Ynskjer ein meir informasjon om dette, så er det berre å ta kontakt.
Bjoa Montessoriforeining
v/Agnes Fosse