Nå nærmar det seg jul og me ser litt tilbake på arbeidet med fritidsklubben.
Då me byrja i august var det både forventningar og usikkerhet rundt prosjektet. Nå føler eg at me har fått ein flott fritidsklubb som fungerer. Med vekt på trygghet, motivasjon og samarbeid har ungdommane fått ein triveleg klubb. Her får dei kombinert lekser/heimeundervisning og fritidsinteresser.
Disiplinen er jevnt over god, ungdommane er sjølvstendige og ansvarsbevisste. Samarbeidet med foreldra er svært bra, ungdommane ser ut til å trivast og har fått ubegrensa muligheter til å utvikla seg gjennom sjølv valgde prosjekt. Til nå har me skapt : Base ungdomsavis (utgis kvar 14 dag), Pluggen diskotek (helg), barnaparkering (helg) og praktisk prosjekt som hest/hund, jordbruk/fiske, gitar/sang/musikk, piano, yrkesorientering og kakesalg. Eit utruligt engasjemang over eit vidt spekter.
Samarbeidet og hjelpa me har fått av næringslivet nede på "buo" har vore god. Eg håpar at dette samarbeidet kan utvidast framover igjennom nye prosjekt. Næringslivet ellers i Ølen kommune har vore flinke til å støtta ungdommane med mange av prosjekta.
Nå går me inn i ein periode med mange prøvar og testar. Etter jul håpar eg å få til eit tettare samarbeid med dei lokale lag og organisasjonane i bygda. Det skal bli spennande å sjå kva me kan få til her og eg håpar at dei tar kontakt med klubben til gode forslag/prosjekt me kan gå igang med.
Base fritidsklubb har vore eit spennande og lærerikt prosjekt for min del. Eg takkar for tillitten, fra både Bygde-utviklingslaget og foreldra, og håpar at den har vore meg verdig. Både foreldre og ungdommane har vore unike å jobba i lag med, utruligt positive og motiverte. Turen fra Haugesund gjer meg ingenting, gleda meg lika mykje kvar dag til å komma ned i klubben. Ungdommane er "kjempe kjekke" og har skapt eit ubeskrivelig kosleg miljø som "ose" av engasjemang, trygghet, omsorg og humør. Gjengen er ein god ressurs for bygda og fritidsklubben derfor viktig for Bjoa's framtid.