Det er ei oppleving i seg sjølv å gå langs rastar av struttande, flotte blåbærbuskar,-- ei oppleving fleire bør nytte sjansen til å få med seg!
I desse dagar bugnar det av saftige, søte, store, deilige bær i Blåbærhagen på Utbjoa. Det er høgsesong i Blåbærhagen hos Beate og Alfred! Med gode minner frå sjølvplukk i blåbærhagen i fjor, tok me turen for å sikre oss antioksidantar til lange vinterkveldar. I blåbærhagen blir me inviterte til å plukka sjølv - og det er fort gjort å fylle både magen og medbrakte korger. Bæra er store nok til å imponere dei fleste! Og så smakar dei så godt! Å eta rett frå busken når ein vandrar rundt på Blåbærplantasjen er ikkje mindre enn eksotisk! Har ein ikkje høve til å spandere den tida det tar å plukka sjølv, kan ein også få kjøpt ferdigplukka bær. Gode er dei uansett - og det er jo nesten ikkje til å tru at ein av dei svært få og flottaste blåbærplantasjane ligg her i bygda vår! I tillegg til at bæra er gode til dessert smakar det svært godt med blåbærbrød og blåbærbollar, bruk dei i fromasjar og slush, til ostekake og i fruktsalat, for å nemna noko.
Nytt sjansen og ta ein tur til Blåbærhagen - det er framleis bær nok til mange fleire!
Foto: Elin Arianson: Nok til alle