Foto:

Bilavgifter

Av: Mr. B  25.08.2003

Dei fleste av oss har vel meir en ein gong irritert seg over dei norske bilprisane eller bilavgiftane. I tillegg til eingongsavgift (vektavgift, volumavgift, effektavgift), moms, omregistreringsavgift, årsavgift og vektårsavgift, finnest det i forbindelse med kjøyretøy ein komplisert avgiftsjungel så dei færraste har heilt oversikt over.

Paradokset er at myndighetene i årevis har snakka om trafikksikkerhet, men avgiftene diskvalifiserer dei fleste frå å ha økonomi til å kjøpe seg ein ny, stor og trafikksikker bil.

Dei så treng det mest, gjerne nyetablerte småbarnsfamiliar, har normalt ingen mulighet for å gå til anskaffelse av ein høveleg bil og endar difor ofte opp med eit halvgammalt og mindre sikkert kjøyretøy.

Eit eksempel er ein amerikanskprodusert stor familiebil av fabrikat Jeep. Ein Jeep stasjonsvogn med plass til 5 personar og barnevogn kostar i Sverige 369.000 kr. I Tyskland kostar same bilen i underkant av 200.000. I Norge er prisen, hald deg fast: 935.000 kr. Tippar at bilen kostar rundt 100.000 for ein så har adresse i Florida eller Seattle.

Ein vanleg familiebil, til dømes Audi A6 Avant med 1,8 liters motor betaler ein 170.000 for i Tyskland. Med Norske skilt kostar same bilen 430.000.

For dei så ønske seg nåke spesielt kan eg anbefale ein Ferrari 360 Modena. I Tyskland kan du få ein slik bil dersom du har 700.000 på deg. Kjøpe du han i Norge lyt du ha store lommar dersom du ska ha plass til pengane du treng for å få han med deg heim. 1,8 million for å vere meir spesifikk. Ca. 9 nettoårsløner for ein gjennomsnittlig lønsmottakar.

På grunn av avgiftsnivået er det naudsynt å vere kreativ og prøve andre alternativ dersom ein har ønske om å ha ein Ferrari i garagen.
I Europa er det populært med såkalla ”kit-kars” eller ”replica” . Det vil sei at ein bruker ein eksisterande bil som eit utgangspunkt for å bygge seg akkurat den bilen ein ønsker seg. Ford Sierra, VW, og Pontiac Fiero er eksempel på bilar så ofte vert nytta til slike prosjekt.

Ein får kjøpt plastkarosseri som ein monterer på ”donoren”, og dersom prosjektet er gjennomført er det er vanskeleg for ein som ikkje er spesialist å sjå skilnad på ein kit car og ein original. Du finn møkje kit-car relatert stoff på nettet.

Eg gjekk sjølv med slike tankar for nokre år sidan. Hadde lyst på ein Ferrari, men mangla 1,7 million for å kjøpa ein. Fann ut at dersom eg fekk tak i ein Pontiac Fiero og kjøpte eit sett i Sverige, så kunne eg få meg ein ”fake Ferrari” for under 200.000.
Når eg sjekka med vegdirektoratet var det ingen problem å få ombygginga godkjent dersom eg kunne fremskaffa diverse dokumentasjon og at jobben var utført på ein ordentlig og profesjonell måte.

Biltilsynet tipsa meg om at det i slike tilfelle måtte betalast ”ombyggingsavgift” og ein telefon til tollvesenet knuste drømmen om Ferrari. Avgifta vart rekna til om lag 1,1 million. Same avgift som for ein tilsvarande ny Ferrari. Eg følte det blei litt feil å betala 1,1 million for å ha ein ombygd 86 modell Ford Sierra. Så prosjektet ligg på is til me har fått ein annan bilavgiftspolitikk i landet. Ein politikk så iallefall lignar den dei har i andre Europeiske land.

Det finnst mange historiar om fortvila folk så har bygd om bilar eller motorsyklar og fått avgiftssjokk når dei får rekninga frå staten.

Visste du at dersom du kjøyrer inn i landet vert drivstoff vurdert på same måte som ei anna vare kjøpt i utlandet? Har du drivstoff på tanken så overstige ein verdi på 5000 kr (lastebil med 500 liter diesel) må du vere forberedt på å kunne dokumentere verdien på medbrakt vare og det er naudsynt med deklarasjon osv. Enkelt skal det vere!

Dersom ein kjøper seg eit vogntog kjem omregistreringa lett på 40. 000 kr. Ein nyare familiebil kostar det fort 10.000 til 12.000 å omregistrere. Dette altså for å få skifta namn i eit vognkort, noke så forøvrig tek fem minutt sjå biltilsynet, etter at ein har stått i kø ein halvtime vel å merke.

I tillegg til avgifter så er direkte tillagt kjøyretøyet, kjem det avgift i forbindelse med kjøp av dekk, batteri, drivstoff, deler, moms på verkstadrekninga osv. Bompengar er og ei bilavgift så me alle kjenner til.

Eg kjøyrde til Tyskland via Sørlandet og Oslo i sommar. Meiner eg passerte 9 bomstasjonar. Etter at eg hadde passert Svenskegrensa såg eg ikkje ein bomstasjon før eg kom heim til Norge att. Merkelig at der det er flest bomstasjonar er vegstandarden dårligast.

I Estland så me kanskje ser for oss som eit u-land når det gjeld bilpark, er prisane på bilar under halvparten av prisen i Norge. Standarden på bilane er høgare og drivstoffet er halve prisen sjølv om dei importerer kvar ein dråpe. Vegane der borte er reine Autobahn samenlikna med norsk vegstandard.

Kanskje kan dette vere nåke ha i tankane når politikarane så fint ber om stemma di?