Foto:

Bjoa 4H på aspirantleir

Av: Anne Gunhilde Oma 29.08.2005

I helga var seks aspirantar frå Bjoa 4H på aspirant-leir på Olalia.

Me møtte opp på Fjellstøl lørdag morgon, og saman med 60 andre ungar og 20 vaksne la me av gårde under mottoet "Det finnes ikke dårlig vær, bare dårlige klær".

Turen opp til Olali-hytta tok i underkant av 2,5 timar i SVÆRT bløtt terreng. Men stemningen var på topp og ingen klaga over regn, gnagsår eller tunge ryggsekkar. Vel framme på hytta fekk me innlosjert oss på alle rom og ellers alle krikar og krokar. Det var nemlig ikkje sengeplasss til alle... så dei vaksne sov i spisesalen og peisestova. Om ettermiddagen var det ymse aktivitetar; førstehjelp, orientering, spikking og aktivitetsløype. Matservering gjekk etter samlebånd-prinsippet. Utover kvelden vart nye bekjentskap stifta og mobilnummer utveksla. Og gjerne vart det eit kjærastepar eller to også...

Søndag var det tid for å returnera heim igjen. Nokon litt trøttare i trynet enn andre.. Nede på Fjellstøl fekk me 4H-burger (grilla fiskekake i brød - nam nam) og det var utdeling av diplom. Ole Aleksander og Arne fekk diplom for ryddigaste rom - og det var heilt fortjent!! Ein godt gjemmomført leir og kjempekjekke ungar å ha med på tur!!

Foto: Anne Gunhilde Oma