Foto:

Bjoa 4H til Rogaland med Hilde som leiar

Av: Liv-Kari Bødtker 11.11.2001

Søndag 11. november avvikla Bjoa 4H årsmøte med 23 røysteføre medlemmer på plass. Val av nytt styre og avgjerd om Bjoa 4H skulle høyra til Hordaland 4H eller Rogaland 4H neste år var saker som engasjerte. Sekretær Jeanett Helleland Dagsland la fram årsmeldinga til klubben som fortalde om nok eit aktivt år. Anne Hegerland la fram rekneskapen og understreka at neste år måtte klubben tena meir pengar fordi aktiviteten 2001 hadde gått med underskot.
Valkomiteen hadde gjort eit godt arbeid med forslag til nytt styre, for det var nesten ingen benkeforslag. Resultatet blei: Leiar - Hilde Gundersen, nestleiar - Gunnar Dalen jr. (eller aspirant??), kasserar - Jeanett Helleland Dagsland, sekretær - Ingrid Marie Grønnestad, styremedlem - Vegard Hetland, 1. varamedlem - Mari Hetland.
4H-klubben skulle på dette møtet avgjera ei sak som var blitt lufta tidlegare, og der det viste seg at medlemene hadde svært ulikt syn på saka: Skal Bjoa 4H følgja med ved fylkesskiftet og bli ein del av Rogaland 4H, eller skal me framleis høyra til Hordaland 4H? Det var spennande då stemmene blei talde opp, og resultatet blei 9 stemmer for Hordaland og 14 for Rogaland. Altså får Rogaland 4H ein "ny" og aktiv klubb på listene frå 2002!