Dette året er det 35 år sidan Bjoa båtlag vart stifta (1969).
Tormod Sandsgård frå Dalsmyrane var lagets første formann. Han bygde også egne båtar og ein av dei kan fortsatt observerast i havna sommarstid. Fra det første styret er det bare Sigmund Tveit som fortsatt kosar seg i båthavna og i båt.
Det er 32 år sidan Vågsholmen blei landfast (1972), og er i dag flittig besøkt både av båtfolk og andre som nyter den fine utsikten og kveldssola i vest. Havna har i dag 48 nummererte plasser og alle er belagt summarstid. Laget har ca. 100 medlemmer.
Våren nærmar seg igjen, fuglane byrjar kvitringa og det blir snart liv og røre i dei fleste båthavner rundt omkring. Bjoa båthavn er intet unntak i så måte. I 2003 har det også vert utført imponerande dugnadsinnsats blant dei fleste av lagets medlemmer som har båt i havna. Større og mindre oppgaver er utført og meir ventar fremover. Mykje av det utførte arbeidet er fremtidsretta og visar ikkje så mykje igjen ved første øyekast.
Laget har dette året planer om meir ferdigstilling av området ytterst på molo/holmen og videre fullføring i og rundt klubbhus.
Båtlaget hadde dette året tanke om anskaffelse av nok ei ny brygge, men liten interesse fra bygdefolket på Bjoa stoppet føreløpig dette. Styret i båtlaget håpar alle på Bjoa som har tanke for båt i fremtida, tar kontakt med laget for fremtidig båtplass.
Det er heller ikkje dette året tanke for noen form for aktivitet i båthavna, utanom dugnad. Arrangement i havna krever stor innsats fra medlemmene og føreløpig prioriterer me dugnad og arbeidsoppgaver i forbindelse med denne. Det har vert arrangert vinlotteri blant lagets medlemmer siste året og det blir kanskje fortsettelse på dette i år også.
Arrangement vert det derimot på Romsa. Styret for Professorhytta lager til den årlege kulturdagen på Grindanes 13.juni. Dette vert nærmare informasjon om seinare. Set av denne dagen for ein tur til den grønne øya Romsa.
Også dette året kan det verta aktuelt å arrangera ein felles båttur ein eller anna stad i Sunnhordlandsbassenget. Sist me hadde slik tur var saman med idrettslaget til Borgundøy kai og videre til fots toppen av samme øya. Oppslutningen var ikkje den aller største, men været får kanskje ta ein del av skylda. Det var likevel ein flott tur som vart avslutta med grilling på kaien før heimturen.
Styret i båtlaget ønskjer alle ein fin vår og ein herleg sommar i båt og eller på land.
Foto: Marit Eikehaugen. Innledningsfoto, to som brukte påsken til båtpuss, Sahl og Johnsen, foran den 60 år gamle snekken. Alle 3 er medlemmer i Bjoa Båtlag!