Foto:

Bjoa Boksamling har avholdt Årsmøte

Av: Marit Eikehaugen 06.11.2005

Bjoa Boksamling er de siste årene blitt drevet på dugnad, av bygdas egne. Ølen kommune holder lokaliteter i tilhørighet til skolebiblioteket på Bjoa skole. Nylig var det Årsmøte.


Ingrid Johannessen, sekretær i styret for Bjoa Boksamling, har følgende Årsmelding:

Årsmelding 2004 - 2005

Ordinær drift
Bjoa boksamling har gjennom sitt andre driftsår halde boksamlinga open på dugnad kvar måndag utanom skuleferiane.

Styret og bokvaktene er nøgde med bruken av boksamlinga.
Følgande statistikk er registrert over besøkande og utlån:

Tidsrom beøkande Haust 2004: 139 - Gjennomsnitt pr gong: 10 - Utlån bøker: 261 - Gjennomsnitt pr gong: 19

Tidsrom beøkande Vår 2005: 160 - Gjennomsnitt pr gong: 7 - Utlån bøker: 377 - Gjennomsnitt pr gong: 17

Tidsrom beøkande Haust (hittil) 2005: 40 - Gjennomsnitt pr gong: 7 - Utlån bøker: 50 - Gjennomsnitt pr gong: 8

Desse tala viser at boksamlinga er i bruk jamnleg. Ho kunne vore meir besøkt, men dei som nyttar seg av tilbodet kjem igjen.

I 2005 har me kjøpt inn om lag 30 bøker for vaksne og 10 for barn. I tillegg er det kjøpt inn 7 lydbøker.

Andre aktivitetar
Me arrangerte adventskafe 1. søndag i advent slik som året før. Dette er eit fint familiearrangement som kan bli ein tradisjon. Det er også kombinert med lotteriet ei god inntektskjelde. Arrangementet i 2004 hadde forutan kafé, lystenning, song og musikk, også opplesing med Kolbjørn Hauge på programmet. Det var særs vellukka.

I vår arrangerte med bokpub på Drøsestove. Der bidrog lokale krefter med variert opplesing. Dette er ein type arrangement som me også vil prøve å ha igjen.

Det nye styret i Bjoa Boksamling er

Siri Hammerstad, leiar
Ingrid Johannessen, sekretær
Ruth Vølstad, kasserar
Linn Gjerde, medlem
Margret Rørtveit, medlem

Leif Rørtveit, vara
Marit Eikehaugen, vara

Foto: Marit Eikehaugen. Siri Hammerstad fortsetter som styreleder.