Bjoa Bygdeutviklingslag, BBU, vart stifta på eit møte 4. april 2000.
Formålet for laget er å driva framtidsretta bygdeutvikling på Bjoa med vekt på lønsam næringsutvikling og gode bu- og oppvekstvilkår, for å bidra til at Bjoa skal vera eit levande og attraktivt bygdesamfunn. Alle bjoabuar over 15 år er automatisk medlemmer med stemmerett på årsmøtet, og det er ikkje medlemskontigent i laget. Eit interimstyre skal leia arbeidet fram mot ei første ordinære generalforsamling. Då skal det vedtakast vedtekter, veljast styre mm. Laget er ein ideell forening, og skal i utgangspunktet ikkje driva næringsverksemnd sjølv. Neste veke gjev laget ut første nummer av Bjoabuen, ei avis som skal vere laget sitt informasjonsorgan. Harald Hetland er leiar i interimstyret, som i tillegg består av Knut Omdal, Gunnar Dalen, Kåre Frøland og Svein Yrke.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.