Foto:

Bjoa, ei bygd full av søppel?

Av: Elin Arianson 01.11.2006


JA,- eg håpar overskrifta provoserer. I lengre tid har eg sett at det har blitt dumpa hageavfall attmed vegen i svingane ved Utbjoa. Så vidt eg veit er dette ikkje noko offentleg avfallsplass for hageavfall og anna søppel ??

Skjemmande er det i alle fall,- og er det slik at det me ikkje sjølv vil ha i hagen, kan me berre lempa vekk slik at det ute av synet,- utan tanke på at der me legg slikt avfall i frå oss vil det kanskje skjemma synet for andre? I alle fall er det - slik eg ser det – direkte stygt å sjå på.

Men så til det aller verste og det mest utilgivelige:- for ikkje alt for lenge sidan har nokon starta med å dumpa anna avfall der. Gamle bygningsmaterialer, fliselim, sivmatter, arkivmapper, plastposar, brev og diverse anna….

Eg har frykta det lenge,- at når nokon starta med hageavfall så ville det før eller seinare vera nokon som ikkje kunne halde seg og berre ”måtte” dumpe søppel på denne plassen. Det er ein stor skam at slikt skjer! Det hjelper lite om vi prøver å ta vare på og utvikle bygda vår, lage i stand gode tiltak og aktivitetar og uttrykke eit ynskje om å ha ei levande bygd med gode oppvekst- og levekår for små og store dersom vi ”skit i eige reir”!!!

Korleis skal vi få barn og ungdommar til å har respekt for og bli glad i naturen dersom vi har vaksne som fer fram på denne måten? Det er trist at det er slik. På Toraneset er det mogeleg å levera avfall,- både søppel og hageavfall når ein har så mykje at ein ikkje blir kvitt det gjennom vanlege renovasjonsruter.

OK, det koster litt. Men den 50-lappen kan eg godt vera med og spleisa på for den som ikkje sjølv måtte har råd til det. Og sei ikkje at det er vanskeleg med transport,- for dei som har lempa søppel i vegkanten har jo klart å få det dit!

Eg kom i snakk med nokon om dette ein gong,- då meinte vedkommande at også vegvesenet hadde lagt frå seg avfall frå kantklypping her på denne plassen – så då var det liksom ikkje så farleg…
Eg veit ikkje om vegvesenet har dumpa noko her,- uansett blir det ikkje betre av den grunn!! Og eg vil ikkje tru at det er vegvesenet som har lagt frå seg avfall frå prydbuskar og andre hagevekster??

Hageavfallet har vokst til eit digert berg. Eg er ein av dei som må sjå på det kvar gong eg går, syklar eller køyrer forbi. Det er ikkje kjekt.

Det andre avfallet – søppelet - er av eit slikt omfang at det ikkje er så mange som er involvert. Førebels. Om det er ein eller fleire veit ikkje eg,- men den eine har i alle fall fått direkte beskjed om å fjerna søppelet. Her heime sit eg på nok dokumentasjon på kven vedkommande er. Det er ikkje kjekt å oppdage slikt.

Eg synest likevel det skal vera mogeleg å gjera opp for seg. Det kan ein gjera ved å fjerna søppelet! Og aldri gjera slikt meir!!! Eg håpar det skjer snarast!

Men kva skal vi så gjera med alt hageavfallet? Eg synest det er to ting som bør skje.
Det eine er at folk sluttar å kasta hageavfall her. Skaff deg ein kompostkvern og gjer avfallet om til kompost som seinare blir ny jord. Eller du kan levera det på Toraneset. Det er vel ikkje for mykje forlangt?

Det andre er at vi må finna ein måte å fjerna det berget av hageavfall som allereie er der. Ein måte å gjera dette på er kanskje å leiga den store bilen som køyrer tømmer – få denne til å grafsa greiner og skrot opp på bilen og køyra det til Toraneset. Det er så mykje at det må gå i fleire lass.
Dersom søppelet som ikkje er greiner og anna hageavfall er fjerna på førehand vil dette antageleg kunne leverast som hageavfall på Toraneset utan å måtte sorterast først.

Klart dette vil koste nokre tusenlappar. Både å få gjort jobben med å køyra det bort og å få levera det på Toraneset. Men her er det snakk om å rydde opp ein gong for alle,- så då må me berre finna ein måte å finansiera det på. Kanskje me kan gå rundt og samle inn pengar i bygda til dette føremålet?

Etterpå vil det kunne vera mogeleg å snakka med vegvesenet om vi kanskje kan få laga ein fin rasteplass her med bord og benker?

Kan styret i Bygdeutviklingslaget engasjera seg i dette? Kanskje de kan ta kontakt med vegvesenet og få til eit samarbeid? Det er etter det eg har fått opplyst vegvesenet som eig plassen der denne skjemmande haugen ligg.

Dersom vi kunne fått rydda opp i dette før jul ville det vera den største julepresangen vi kunne dela med kvarandre i bygda. Då kunne vi kanskje dele ut fleire klistremerker med ”Bjoa,- ei bygd å bli glad i ” .
For det er jo det vi aller helst vil!

Foto: Elin Arianson: Boss ved Utbjoavegen