Foto:

Bjoa FAU kaller inn til dugnad

Av: Anders Lunde 23.10.2006
No er det tid for oppstart av arbeidet med uteområda på Skulen!
Det vert difor dugnad på sykkelløypa ved grusbanen på Bjoa Skule den siste helga i oktober. Det som skal gjerast denne helga er i hovudsak rydding av skog og kratt i løypeområdet, så her er det arbeid for små og store. Ta med reiskapar som motorsag, øks, ryddesag ol om du har.

PS: Ved som vert skoren ned kan De ta med heim om du har hengar e.l.

Me håpar at flest mogleg kan koma.

Fredag 27. oktober kl 17:00 til det vert mørkt
Laurdag 28. oktober kl 09:00 og utover.

Gje beskjed til Sonja på tlf 53 76 97 88 om De kan stilla.

Med venleg helsing
Bjoa FAU
Foto: Marit Eikehaugen
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.