Foto:

Bjoa Helselag inviterer til Fjør og vin

Av: Marit Eikehaugen  26.01.2018

Hentet fra FB: Snart fastelavn og vinterferie! Ein god anledning til å invitera alle damer til hyggekveld igjen, og me ønskjer velkommen til
FJØR & VIN, fredag 2. februar kl 19:00 på Bjoa Helsehus.

Felles aktivitet med å laga Sanitetskvinnene sine tradisjonsrike fastelavnsris til deg sjølv,- enten eit tradisjonelt ris med fargesprakande fjør eller moderne med bleikrosa eller naturfarga fjør. Materiell til eitt ris inkludert (salgspris 75,-). Du kan laga fleire ris for kr 50,- per stykk.

Etterpå skal me kosa oss med ost og kjeks og god tid og prat.
Me serverer drikke til maten, men ønskjer du eit glas vin eller liknande, tar du det med sjølv.

Litt underhaldning og konkurranse/selskapsleik rundt bordet.

Medlemmer i Bjoa Helselag kr 100,- Ikkje-medlemmer kr 150,-

Meld deg på med sms til Liv-Kari 415 49 252 eller via Facebook seinast onsdag 31. januar så me er sikre på å ha nok mat og ris!

Velkommen til kosekveld med fjør og «kakling»