Foto:

Bjoa Helselag inviterer til kongelig kveld

Av: Marit Eikehaugen  02.11.2018

Bjoa Helselag: "Bjoa Helselag inviterer medlemmer, ikkjemedlemmer og Ladies Cirkle Ølen til kongeleg kveld, torsdag 15. november kl 19:30. Ein kveld med stetteglas, historiar som vil gi deg både klump i halsen og latterkuler, lekker fingermat og god prat med gamle og nye venninner, og eit godt formål."

Royal galskap/gla´skap Elisabeth K. Nesheim og venninna reiser Europa rundt for å få med seg kongelege bryllaup og eit glimt inn i livet i kongehusa. Elisabeth fortel og viser bilde frå utrulege opplevingar og gleder denne «galskapen» har gitt.


«Min dag i dag»
Cecilia Skavland frå sekretariatet i NKS fortel om sanitetskvinnene sitt prosjekt som gir drømmedagar til barn som treng litt ekstra oppmerksomhet i kvardagen. Historier som vil røra hjartet ditt. Påskeeggsalget me var med på i lag med LC Ølen i vår gjekk til prosjektet.


Bobler, fingermat og utlodding
Du blir servert bobler i stetteglas (men du kan trygt kjøra heim) og fingermat som er ei oppleving for både auge og smaksløkar!
Me avsluttar med utlodding av fristande gevinstar, og inntekta går uavkorta til NKS sitt prosjekt «Min dag i dag».


Bli med og føl deg som ei dronning for ein kveld!
Medlemmer kr 100. Ikkjemedlemmer kr 150. Betal i døra, kontant eller Vipps.

Medlemskap ut året kr. 250.

ANTREKK FOR KONGELEG STEMNING: HATT, TIARA, ORDENSBAND, EPOLETTER e. l.

Påmelding tlf 41549252 (gjerne sms) bjoa.nks@gmail.com eller FB seinast 12. november.