Foto:

Bjoa Idrettslag inviterer

Av: Marit Eikehaugen 21.04.2015

BIL: -Då er idrettsåret godt i gang og me vil kort informere om nokre planar fram mot sommaren.

Det blir IDRETTSDAG søndag 14. juni kor me vil markere at Bjoa IL er 70 år med kake til deltakarane. Dersom du ønsker å vera med å arrangere idrettsdagen, ta gjerne kontakt.

Søndag 21. juni blir det TURDAG til Baslia. Det blir felles start ved parkeing/Dalaskuret. Ta med niste og godt humør.

Meir informasjon kjem nærare arrangementa.

Me vil også minne om at dersom de spelar TIPPING, er me svært glad dersom du ønsker å gi Bjoa IL GRASROTANDELEN ved å registrere dette på tippekortet.

Med ønske om ein aktiv vår.

Hovedstyret, Bjoa IL

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.