Foto:

Bjoa Idrettslag stadig på høgget!

Av: Bjørn Johannessen 28.11.2001

Overskrifta siktar ikkje til fotballgruppa sitt julebord men aktiviteten i laget.

I heile etterkrigstida har idrettslaget vore svært viktig aktør i kulturlivet på Bjoa. Laget har sett Bjoa på kartet med god idrett og høgt aktivitetsnivå innan fleire idrettsgreiner. Viktigast er likevel det laget har skapt for bygda med aktivitet, underhalding, samhørighet og tilhørighet. I desse tider då idrett og det meste av organisasjonslivet slit med å halda på medlemmer og aktivitet, har Bjoa Idrettslag god grunn til å vere stolte av det som er utretta siste år. Mange har gjort svært god jobb for dei yngre årsklassane, A-laget held stand i serien og idrettsanlegget har fått ein kjempefin ansiktsløfting. Og for alle dei som sjølv ikkje driv aktiv idrett og dei som besøkjer bygda er idrettsanlegget på Bjoa "ei pryd for auga". Kjemperos til dei som har lagt ned uhorveleg mange dugnadstimar i det nye flott klubbhuset og til banemesteren som gjer ein kjempejobb.

PS Det er mange utflytta Bjoafans rundtom i landet som saknar referata frå A-lagskampane på Bjoanett.