Foto:

Bjoa LagerLyd 28 april – musikk for alle

Av: Gjerde Linn 22.02.2007

Då går me igjen mot lysare tider, og medan andre sikkert ser seg om etter dei første vårteikna, er eg opptatt av noko heilt anna. Bjoa LagerLyd.

Og i dag falt dei siste brikkene på plass og eg kan no presentera eit variert og godt program som eg er kjempestolt av!! Eg har sjølv aldri gleda meg så mykje til ein LagerLyd som eg gjere i år!

Me har nokon gode LagerLyd veteranar på programmet, Inger Mari Hetland kjem igjen med gitaren sin for å syngja og spela, ho er vel eit kjent namn for mange på Bjoa, ho er jo tross alt i frå Ølensvåg. For dei som ikkje kjenner til ho, kan me fortelja at ho kjem med viser og ein god replikk!

Ingvild Arianson er vel og eit kjent namn på Bjoa, om ho skal spela heilt aleine i år, eller i lag med nokon er ikkje heilt klart endå, men at ho kjem med melodiøs og vakker pop, det er heilt sikkert!!

Tradisjonen har jo vore at Are, Geir og Karl Olav Gjerde + John Henry Lind har spelt med bandet ”The Fence”, dessverre er Karl Olav opptatt på anna hald i år, men dei tre som er igjen jobbar med noko instrumentalt… så får me sjå kva det kan bli til.

LagerLyd er stolte av å kunna presentera Tom Roger Odland som opphavleg er frå Vikebygd og faktisk er tremenningen min. Han har vel alltid heldt på med musikk, mellom anna som lærar på musikklinja på Skeisvang,. No er han i Irland og legg siste hand på den nye plata si ”obviously embraced”, i mars og starten av april skal han turnera i Irland, men 28. april står han på scena i lageret på Innbjoa kai!!

Eit anna band med nokon av røtene sine i Vikebygd er Leftovers som består av Pål og Espen Flåtene og John Henry Lind, dei kjem med 60 talls inspirert rock, nokon eigne songar og nokon coverlåtar.

Siri Nesse er og eit velkjent band i LagerLyd samanheng – i år kjem ho i lag med bandet Mind The Gap som består av Egil Severeide, Terje Viland og Bjørn Bøe, dei lovar golden classics, og eg tippar høg stemning og allsangfaktor når dei er på scena.

Sist men ikkje minst har me bandet Emily Plays som og er gamle LagerLyd vener. Dei kjem med ein god miks av låtar frå 60 og 70 talet samt ein del eigne låtar.

Det var det musikalske innhaldet. Det er altså på plass, nå gjenstår det berre å få nok vakter og publikum, og det er ei oppgåve som eg håpar Bjoabuen kan hjelpa meg med! Ta kontakt om nokon kan tenkja seg å stå i døra/baren og sist men ikkje minst kom til lageret 28 april! Inviter vener og kjente på ei heilt spesiell kulturoppleving!

Vil du høyre smakebitar og lese meir kan du gå til LagerLyd si my space side.