Foto:

Bjoa LagerLyd, ein festival for alle!

Av: Linn Gjerde 17.04.2006


Er du mellom 18 og 100 år? Likar du god musikk? Viser, pop og 60-talsmusikk? Likar du å dansa?

Lurer du på kva ein Bjoababb er, lurer du på korleis den nybygde scenen i Lageret på kaien ser ut, eller vil du måla dine allmennkunnskapar mot naboen sine i ein pub-quiz? Eller vil du rett og slett vera med å skapa liv og stemning og oppleva ein kjempekjekke kveld? Då er Bjoa LagerLyd utan tvil eit arrangement for deg!

Vips der var påsken over, og det er berre eit par veker til Bjoa LagerLyd. The Fence har øvd i kjellerstua mi i påsken, skjenkeløyve har komme i posten, og me har tinga annonser hjå Grannar. Eg har vore ute i pøsande regn for å henga opp plakatar. Eg masar på vener og kjente om at dei må ta turen til Bjoa 29 april og bli med på LagerLyd. Eg har snakka med Inga som skal til å slakta nokon uskikkelege sauer/lam som skal bli til innhaldet i Bjobabben. Ho er nådelaus. ”Det blir dei som irriterar meg og hoppar over gjerdet”, seier Inga.

Sjølv om førebuingane går etter planen er eg, som i fjor, skrekkeleg nervøs. Eg er livredd for at det ikkje skal koma folk. Det var eg jo i fjor og, heldigvis tok eg feil då. Då hadde med rundt hundre som var innom i lageret, og det var folk over seksti og heil ned til 18. Dei såg ut til å kosa seg, uansett kva alder dei var i.

Eg har vore nøyen med å plukka ut artistar som er lette å lika, som er kjekke å høyra på og dansa til. Inger Mari Hetland spelar viser, Martha Birkeland, folkeviser og jazz, Ingvild og Mildrid, melodiøs pop, Emily Plays akustiske coverlåtar (her kan det fort bli allsong!), Pål Flåtene litt Beatles og eigenkomponert musikk, Siri Nesse, Tina Turner musikk og utruleg bra sceneshow, og The Fence som spelar hits av 60-tals bandet the Kinks. Det skulle då vera noko for ein kvar smak? Nok til at også bjoabuen finn vegen til lageret?

Det blir i år at me finn ut om LagerLyd er komme for å bli, det kjem jo ann på om me får like god oppslutning i år som i fjor om me skal halda fram enda eit år. Eg tenkjer på den flotte scenen som er bygd i lageret, sponsa av bygdeutviklingslaget, ølen betong og berge sag, og eg merkar at eg håpar at det kjem masse, masse folk!

Sjølv om det var vellukka i fjor, var det sjølvsagt nokon ting me innsåg at kunne vore betre. Mellom anna var det utruleg kaldt! Så i år har me ordna med oppvarming. Det går fortsatt ann å betala med kort, men kortautomaten har nok like dårleg dekning i år som i fjor, så det luraste er å ha kontantar med seg. .

Me har alltid behov for gode hjelparar så viss du ikkje har råd til å betala dei 150 kronene det kostar å koma inn, så er det berre å ta kontakt så kan du få jobba i baren eller vera vakt og få alt det kjekka med deg heilt gratis!

Då sjåast me i lageret, vel møtt alle saman