Bjoa Landhandel avsluttar
Av: Bjørn Johannessen 12.11.2000
Liv og Svein Yrke sluttar av Bjoa Landhandel den 15.11. Liv og Svein selde hus og heim og flytta til Bjoa i mai 1997 for å driva Bjoa Landhandel.
Etter omlag tre og eit halvt år med hardt arbeid har dei nå tatt avgjerda om å slutte av landhandelen. Dei sel nå ut varelageret til svært gunstige prisar (for kundene) og stenger dørene 15. november.
Avslutningsfasen er ei tung og lite inspirerande tid for dei som avsluttar og arbeidsoppgåvene er ekstra mange.
Sjølv om me gledar oss over at nye driverar sannsynlegvis er igang om kort tid, har me òg grunn til å takka Liv og Svein for innsatsen og ynskja dei lukke til vidare.