Foto:

Bjoa Montesorriskule startar opp

Av: Bjoa Montessoriforening 29.05.2001

Utlysing av lærarstillingar er igang og det blir opna for søkjerar til elevplassar. Signala frå departementet har heile tida vore positive i høve til at søknaden skal bli godkjend. Søknaden ligg nå til "snarleg behandling" - noko som etter politikerterminologi betyr at det kan vere snakk om nokre dagar/ei veke. Det blir òg i Stortinget lagt inn ein interpellasjon om behandlingstida for privatskulesøknadar - noko som truleg vil verke positivt.

Sjølv om ideen om privatskule har utspring i at ungdomsskulen på Bjoa blei nedlagd er ikkje arbeidet for Montessoriskule ein protestaksojon mot kommunen eller mistillit til Ølen skule. Arbeidet er motivert av tru på at Montessoripedagogikken er ei god løysing for ungdommane våre. Denne trua er blitt styrka etterkvart som me har fått meir innblikk i innhaldet. Arbeidsmåtane som er bitt brukt i samband med heimeundervisninga sist vinter harmonerar i stor grad med Montessoripedagogikken og vil bli bygd vidare på.
Individuell tilpassing, frihet, orden, arbeidsro, ansvar for nærmiljø og samarbeid er viktige stikkord i ein Montessoriskule. Montessoriskulen driv etter L-97 (lærepanen som gjeld for den offentlege skulen) og elevane har såleis t.d kristendom/religion/livsysnsorientering som i vanleg skule. Elevane går opp til offentleg eksamen og får kararkterar på same måte som i offentleg skule.