I år vert "gamleskulen" 50 år og "bygdahuset" 30 år. Dette vil me sjølvsagt markere. Elevane på skulen skal ha 2 veker med "Bjoa i gamledagar" og "skulen i gamledagar" som tema.
14. mars vil elevar, lærerar og FAU invitere til jubileumsfest. ALLE er velkomne til å vere med. Festen startar klokka 18:00 i gymsalen. Det vert program, utstilling og matservering.
Har du ein gamal skulesekk, pennal, skrivesaker, leiker, kanskje noko du laga i handarbeidstimen eller på sløydsalen? Då vil me gjerne låne dette til ei utstilling. Ta evt kontakt med skulen på telefon eller kom innom.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.