Foto:

Bjoa var på dansk TV på søndag!

Av: Cecilie Miljeteig 16.11.2005

Heisann! Nå har eg akkurat fått ein mail fra Danmark. Bjoa var på dansk TV på søndag!

Det klippet som blei filma på Buo i mars (måtte ta et artikkelsøk på Bjoanett for å finne ut kva tid det var) til krimserien "Ørnen" har nå komt på dansk fjernsyn. Og det blei lagt merke til! Dette skreiv nemlig Signe, ei dansk ei som eg budde med på Svalbard: -Min Far var lidt skarp i søndags, da han så dansk krimiserie. Efterforskerne kom til Norge og til Bjoa....også huskede han jo på Bjoanett. Jeg har selv lige været inden om Bjoanett og er lidt stolt over at det er mig, der er årsag til at de har "send en ven et link".

Bjoa blir til og med lagt merke til og huska av folk som ikkje har vore der! Apropos det, Bjoa blir iallfall huska av folk som har vore der! Har eg fortalt om når eg var i Tyskland og traff ein som hadde vore på Bjoa mange gonger, fire trur eg det var. Det var artig det! Trudde eg sko detta av stolen når han spurte meg om eg hadde hørt om Bjoa. Men detta var kjekt! Gjett ka eg skal skryte av på skulen imorgon.

Keep up the good work med å sette Bjoa langsomt på kartet! Og til slutt ein stooor hilsen til Signe og faren!

Foto: Marit Eikehaugen. Seilbåter ved kai på Buo sommeren 2005.