Laurdag 7. januar skal kommunesamanslåinga markerast i Ølen, med stands frå kulturlivet på dagtid (vidaregåande skule), gratis familiefolkefest på tidlig kveldstid (idrettshallen) og til slutt dans frå kl 22 i samfunnshuset. Og Bjoabuar blir å finne overalt denne dagen.
På føremiddagen skal musikkfestivalen Bjoa LagerLyd ha stand på den vidaregåande skulen. Her vil det bli mogleg å få info om årets LagerLyd, mimra litt om fjoråret med bilder og film, og ikkje minst blir det høve til å få ein utruleg tøff LagerLyd button. Vonar mange vil koma innom standen!
Frå klokka 19 er det altså folkefest i idrettshallen med ulike kultur innslag. Rundt 21.30 (viss eg ikkje tar heilt feil, sjekk med torsdags Grannar) skal Bjoa 4H visa eventyret sitt om Gråhorjo. Teksten er litt endra sidan premieren deira på haustfesten, og nokre skodespelarar har forsvunne og nye har kome til. Så no er det intens øving! Vonar det kjem masse Bjoabuar for å sjå på, det fortener dei tøffe ungdomane som stiller opp på dette.
Og sist men ikkje minst, frå ca kl 22 blir det dans på samfunnshuset i Ølen. Her skal Belgtøttene og The Fence spela, og det blir både mat og dans. The Fence hugsas for framifrå opptreden på LagerLyd 05, og består av Karl Olav, Are og Geir Gjerde, samt haugesundar og bjoavenn John H Lind. Dei spelar cover-låtar av det engelske 60-tals bandet ”The Kinks” så her blir det mykje flott å både høyre på og svinge seg til.
Vonar mange Bjoabuar har høve til å ta turen til Ølen denne laurdagen og markera at Bjoa er ei bygd å bli glad i anten ho høyrer til i Ølen eller Vindafjord!
Foto: Linn Gjerde. The Fence