På BU-konferansen blei det servert Bjoabrød. Brødet fell tydleg i smak og det har kome mange spørsmål om korleis Bjoabrødet blir baka.
Ein viktig ingrediens i Bjoabrødet er blåbær,- som seg hør og bør kjem dei frå Blåbærhagen på Utbjoa.
Det er svært hyggjeleg å konstatere at Bjoabrødet allereie etter første ”openbaring” er ein suksess.
Tanken om lokale produkt er framme i tida. I samband med kommunesamanslutninga kan det vera spennande å få fram lokale variasjonar og spesialitetar. Ikkje alle slike er kjende utanfor bygdene. Det er spennande å kunne få smaka på lokale spesialitetar rundt om i bygdene våre.
Samstundes kan det óg vera bra å ha noko felles som spesialitetar frå kommunen som distrikt.
Som eit bidrag til dette vil eg gjerne ta fram ei oppskrift som eg komponerte ved eit anna høve.
For ein del år sidan – i den tida eg arbeidde som styrar for Vindafjord Aktivitetshus skulle vi ha opning av ei ny avdeling. Frå før hadde vi aktivitetsavdeling og verkstaden Vindafjord Produkter,- den nye avdelinga (NAVA) var ei prosjektavdeling med arbeidstrening for mellom anna sjukmelde og langtidsledige. Vi hadde på den tida arbeida opp ei grøderik urtehage som gjekk inn i konseptet med mange ulike arbeidsoppgåver.
Sidan urtehagen på den tida var sentral i verksemda ville vi gjerne legge vekt på denne ved opninga av den nye avdelinga. Då var det styraren gjekk heim og komponerte Vindafjordsving.
Dåværande ordførar Signy Rønnevik, dåverande rådmann Ottar Andreassen og dåverande helse- og sosialsjef Gerd Ingun Opdal var blant gjestene ved opninga. Dei fekk etter omvising i urtehagen, servert mellom anna den nykomponerte Vindafjordsvingen,- eit bakverk som fall godt i smak og som det kan høve å ta fram igjen oppskrifta på no og servere ved ulike høve i samanslåingsprosessen – eg vil tru desse vil falle i smak også hos dagens ordførarar og rådmenn:
Deigen:
1kg kveitemjøl
150gr margarin
100gr sukker
1egg
1pk gjær
ca 6dl mjølk
Fyll:
rikeleg sitronmelisse
sukker
egg til pensling
Glasur:
melis
litt pressa sitronsaft
nokre heile blad av sitronmelisse
Lag vanleg gjærdeig og la denne heva til dobbel storleik.
Kjevle ut deigen (som til skillingsbollar). Hakk rikeleg sitronmelisse og strø dette ut på den utkjevla deigleiven. Strø på sukker. Rull saman til ein pølse og skjær opp til bollar. Set desse til heving. Pensle med samanpiska egg.
Steik i omlag 10 min ved 200grader ( avhengig av omnen -steik dei som vanlege skillingsbollar).
Lag glasur av melis og litt pressa sitronsaft. Smør glasur på kvar bolle og pynt evt. med et par heile blad av sitronmelissen.
Server lunkne til ein kopp nytrekt kaffi eller te.
Velbekomme!
(Du fekk ikkje Bjoabrødoppskrifta her,- kan hende kjem den ein annan gong...?...)
Foto: Fredrik Hegglund, Haugesunds Avis. Bente Skålnes og Berit Knutsen serverte m.a. Bjoabrød under bygdeutviklingskonferansen på Bjoa.