Foto:

Bjoabuar på vikingferd

Av: Mr.B  11.08.2001

Reisereportasjer er populært for tida, nå også på Bjoanett.

I helga er det to karar frå Bjoa (som helst vil være anonyme) som tar turen austover (til tidlegare Sovjet), med eit spesiellt kjøyrety som dei var i Danmark og henta heim forrige helg.
Dersom prosjektet vert vellykka, og ikkje Russisk mafia eller Norsk biltilsyn blandar seg inn, lovar me med å komma tebakers med ein fylldig og interessant reportasje/reiseskildring med bilder frå turen om innan eit par veker. Dersom det reint praktisk let seg ordne, vil me halde Bjoanett orientert underveis med informasjon og bilete frå turen.
I mellomtida får dåke smørja dåke med tolmodighet og trøsta dåke med sillajass i Haugesunn.
- Dersom me kjem heim att kan me garantere ein dramatisk og spanande reiseskildring frå eit land der alt kan skje.

Dersom me derimot aldri skulle vende tebakers, vil me setta pris på å få eit minnesmerke plassert for eksempel på Eikehaugsreset. Me foreslår ein fire meter høg sokkel av betong med ein 84 modell koksgrå metallic Volvo stasjonsvogn med turbodisel og interculer på toppen. Det må lagast te sånn at det er lys i front og baklys når det verte mørkt.