Bjoajentene gjer det bra om dagen
Av: Agnes Fosse 12.12.2000
Volleyballjentene frå Bjoa gjorde svært god figur i seriehelga først i Desember.Av 6 kampar, så vann dei 5 i 2. divisjon jenter 17.
Det laget som dei tapte mot var Trio, som eigentleg høyrer til i ein divisjon over. Me ser difor med stor opptimisme framover, og går for å vinne 2.divisjon i år.
Har du lyst til å trena volleyball. Ta kontakt med meg. Mandagar frå 18.00.-19.00. har me mixtrening om interessa vert stor nok.
Elles kan du om du er dama med talent for volleyball, eller lyst til å få talent, møte på piketreningane om onsdagane frå 18.30.-20.00.
Dette med tanke på at neste sesong , då går Bjoa jentene over i dei vaksnes rekker.