Foto:

Bjoanett to månader


Av: Redaksjonen Bjoanett 13.04.2000

Det er i dag to månadar sidan dei første offisielle sidene til Bjoanett vart lagt ut. Idêen om Bjoanett blei lagt fram av Torbjørn Hamre i fjor sommar, og i løpet av hausten blei det skipa ein organisasjon, Bjoanett, som skulle søkje om domenenavnet www.bjoanett.no, og som skulle skaffe ein internettleverandør kor dataene skulle plasserast.
Under dette arbeidet kom heldigvis Kristian H. Resset i Spindelveven Internett "ramlande" ned i fanget på oss. Han ordna både domenenavn og lagringsplass, utan at det har kosta Bjoanett noko, og hjelper nå til med alt mogleg på Bjoanett.

Bjoanett, i form av nokre testsider, blei lagt ut på nettet før jul i fjor, men det var først i midten av februar at ting byrja å ta av. 13. februar vart dei første offisielle sidene lagt ut.

I dag, to månadar etter, tilbyr Bjoanett ein del tenester som me vonar folk set pris på, og fleire tenester kjem i tida framover. Det har komme fram så mange idêar at ein nå vurderer å lage "dottersider/selskap" til Bjoanett

Bjoanett ønskjer å vere ei side for både bjoabuar og andre, og vil takke alle dei som har vore med på å lage sidene til det dei er i dag.

Me oppmodar alle til å komme med innspel, både i form av nyheiter og lesarinnlegg, og idêar til kva me kan ha på sidene.