Arbeidet med å utbetre Bjoavegen har starta i Kjellesvik. Det er tilsaman 163 utbetringar på lista som gjeld heilt til Utbjoa.
Arbeidet går ut på å gjere vegen breiare og sikkrare gjennom å utvide vegbana, flytte og renske grøfter og fjerne bergnabbar. Arbeidet går radig og frå vegvesenet blir det peika på at Kjartan Innbjo sitt engasjement med å skaffe godkjenning frå grunneigerane gjer at ein kjem lengre enn elles på lista. Likevel reknar ikkje vegvesenet med å få gjort alt i denne omgang, men prioriterar det viktigaste ut frå trafikktryggleik og registrerte uhell.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.