Alfred har modne bær i blåbærhagen - du er velkommen til sjølvplukk!
Dei omlag tusen blåbærbuskane i Blåbærhagen struttar av sjølvtillit - eller i alle fall av blåbær. Nydelige, saftige, deilige, søte blåbær. Heldigvis er ikkje alle modne enda,- men det er nok modne bær til at Alfred no opnar sesongen for sjølvplukk. Det er berre å ta kontakt med Alfred og avtala tid. I alt 17 blåbærsortar er representerte i Blåbærhagen. Alfred viser deg kor du kan plukka,- og prisen ved sjølvplukk er i år som i fjor 60 kr pr. kg. Hugs å stikka innom Buo og kjøp deg ein pakke med vaniljesaus og ha klar til du kjem heim med blåbæra. For blåbær frå Blåbærhagen med vaniljesaus er berre namnam...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.