Familetrimmen er ein perfekt sjangse til å få trimma seg litt, samtidig som ein gjer noko kjekt saman med ungane sine. Kom og bli med vel - me har det kjempekjekt ilag!
Kvar tirsdag kl. 18.30-20.00 arrangerer O-gruppa familietrim.
Først er det ein halv time ute med jogging (eller rask gange for dei som heller vil det). Inne i salen er det ei økt med styrketrening, der er ein på ca. 10 forskjellige stasjonar med sit ups, armhevingar, hoppetau etc. Og så er det ei økt med div. ballspel; basketball, fotball, kanonball.
Dette passar for alle fra 7 år og oppover. Og, ja, du kan godt vera med sjølv om du ikkje har tenkt å springa å leita etter oransje postar i skogen til våren.