Foto:

Bli med på kjøt-kurs !

Av: Elin Arianson 05.03.2002

Det boblar av idear og tiltak i
temagruppene som er kome igong i samband med
bygdeutviklingsprosjektet
på Bjoa !

Gruppa som arbeider med stadeigne ressursar inviterer til eit spennande kurs i oppdeling og tilbereding av lam.

I ei tid med stadig meir fokus på kvaliteten på råvarer og aukande interesse for mattradisjonar er dette eit svært godt tilbod i høve til å koma saman og læra meir.

Kurset vert halde på Ølen vidaregåande skule tysdag 19.mars.
Me er heldige som har ein moderne og flott vidaregåande skule her i kommunen og det er ikkje første gongen Bjoabygda har samarbeid med lærarkrefter frå kokkelinja. Denne gongen er det kokkelærar Gunnar Langhelle som skal vera instruktør og dela sine kunnskapar med kursdeltakarane.

Kursdeltakarane vil få læra om alt frå oppdeling av skrotten til utbeining av lammelår og laging av lammerull. Her vil vera rom for å dela kunnskap med kvarandre, men det er ingen krav til førehandskunnskapar.
Det beste av alt er at ein etter kurset får med seg kjøtet heim. Det er rekna ein halv lammeskrott pr. deltakar.
Dermed skulle påskemenyen vera berga….

Informasjonsskriv om kurset er sendt alle husstander på Bjoa
- sjå i postkassa dei næraste dagane eller ta kontakt med
Elin Arianson på telefon 53 76 69 65 / 53 76 99 92 for meir info og påmelding.