Foto:

Bobla til Nils Ole

Av: Mr. B 29.05.2003

Alle har me eit forhold til, eller i alle fall ei meining om bilen så Adolf (han med barten) sette i produksjon i Wolfsburg i 1938, altså for rundt 65 år sidan. Eg snakkar naturligvis om volkswagen kaefer, eller ”bobla” så me kalle bilen her på Bjoa og i resten av landet.

Alle har me eit forhold til, eller i alle fall ei meining om bilen så Adolf (han med barten) sette i produksjon i Wolfsburg i 1938, altså for rundt 65 år sidan. Eg snakkar naturligvis om volkswagen kaefer, eller ”bobla” så me kalle bilen her på Bjoa og i resten av landet.

Det er produsert meir en 20 millionar (20 000 000) stk av denne biltypen, og ettersom rykta seie vert bobla produsert i Brasil den dag i dag. 20 millionar e ganske mange bilar og dersom med grave samtlige bobbler ned i bakken, vil dei dersom dei vert sette oppå kvarandre rekke tre gonger gjenå jordkloden. Mange har til tider lurt på kvifor ein ikkje gjer dette, grev dei ned altså.

Bobla er elska og hata, men jamvel om ein tilhøyre dei så hatar bobla, så lyt ein jo innst inne inrømma at bobla er ein gjennomført enkel og solid konstruksjon, og som bl.a. difor vart ein suksess.
Då bilen vart introdusert var det ein teknisk revolusjonerande konstruksjon med sjølvberande karosseri, uavhengig fjæring og luftavkjølt boksermotor i hekken over drivhjula.

Bobla vart ein bil så det var populært å settje sitt eget preg på, og det er neppe noken annan bil så har blitt så møkje ombyggd eller ”customisert” så det hette på bilspråk.

Ein av dei så har gjort dette er Nils Ole Fosse frå Bjoa. Nils Ole har eit eksemplar så hette 1303 S frå 1974. 1303 S var originalt utstyrt med 1600 motor og hadde eit noke meir ”føreseggjort” interiør og eksteriør, oppdatert karosseri og Mc Phaerson hjuloppheng.

1303 S er lett gjenkjenneleg med dei ”svulmande” baklysa og den bua frontruta.

Klikk for større bilde

Foto: Bjørn Lunde

Men 1600 motor og 50 hestekrefter var ikkje nok for Nils Ole. Dei fleste så ynskjer meir effekt vil nok vurdere sylindersatsar og trimme vidare på den eksisterande, eller eventuelt montere inn ein større motor frå t.d. ein transporter. Men det er for enkelt. Nils Ole ville ha nåke heilt spesielt.

Valget vart ein motor så er produsert av Subaru. Dette er ein 1,8 liter med turbo så yter 136 hk. ved 0,5 bar ladetrykk. Nå er ladetrykket auka til 0,85 bar, og ein intercooler frå Cosworth er på gang. Dette er for å kjøle ned den varme ladelufta så kjem frå turboen, nåke så gjev ein fortetting av lufta og som igjen gjev meir effekt.






Klikk for større bilde

Foto: Bjørn Lunde

Motoren pustar ut gjennom eit 70mm heimelaga eksosanlegg, og ein spesiell detalj er den sjølvlaga dump-ventilen så sørge for å eliminere ”turbo-lacket” eller ketchup-effekten så nåken kallar det.

Vanskeleg å sei eksakt, men effekta vil nok ligge ein stad mellom 150 og 160 hk når Nils Ole har fått på plass det så skal til. Dette er meir en tre ganger den opprinnelege motoreffekten, og når ein tenkjer på at bilen veg rundt 800 kg, har bobla meir effekt pr. kg bil en t.d. Sierra Cosworth.

Bilen har original 4 trinns kasse som får overført krafta via eit spesiallaga svinghjul og ein forsterka clutch.

Bobla er relativt rask, 0 til 100 km/t går på under 7 sekund. Til samanlikning vil ein standard Golf GTI eller Kadett GSI 16v bli parkert. Vil tru at bobla sine aksellerasjonsressursar vil kunne samanliknast med BMW M3. Toppfart har Nils Ole ikkje testa ennå, men med 265/65-15” på drivhjula og 6000 omdreiningar på fjerde, skal bobla flytta seg 197 km på ein time. Ikkje verst for ein gammal boble det. Eg har rekna ut at teoretisk skal Nils Ole kunne ta mor si med seg i baksetet å kjøyre på besøk til bror sin i Drammen på litt onna 2 timar.

For å forbetre bremsene har Nils Ole montert større tromler bak. Framme er det skiver originalt på denne bilen, men desse skal skiftast ut med ventilerte samt nye og større calipere.

Framme er det montert fjærbeinstag for å stive av karosseriet, og han er senka om lag tre tommar. Bilen er stiva bl.a med stabilisatorstag frå Volvo Turbo. Bilen har gassdemperar framme og gule Koni bak.

Batteriet er flytta frå kupeen og fram i bagasjerommet. Dette er gunstig for vektfordelinga og er i tillegg meir praktisk.

Klikk for større bilde

Foto: Bjørn Lunde
Dette er uten tvil ein bil så fangar folks oppmerksomhet. Fargen, lyden og breddinga gjer at alle legg merke til bobla. Dei så har sett motorrommet vil skjøne at det ligg mange timar med handarbeid for å få alt på plass. Fordi at Subarumotoren er vannavkjølt måtte Nils Ole montere ein radiator og eit viftesystem pluss ein masse anna knask som det normalt ikkje er plass til i motorrommet til ei boble.

For å gjennomføre eit slikt prosjekt med ein såpass høg grad av finish og samstundes halde kostnadane på eit akseptabelt nivå er det naudsynt med teknisk innsikt og praktisk kunnskap litt utøve det vanlege. Ein ska ha peiling på litt forskjellig, og ikkje minst ha kontaktar så kan skaffa ein det ein treng. Bror te Nils Ole, Henning, driv med import av bildeler frå England og skaffar møkje ”snadder” når det er naudsynt.

Ein ska og ha litt fantasi og ha augene opne for kva deler ein eventuellt kan nytte. T.d. til blinklys framme har Nils Ole nytta markeringslys frå ein Scania lastebil.


Klikk for større bilde

Foto: Bjørn Lunde

Nils Ole nyttar bilen dagleg, og det er ingen tvil om at han her har ein spesiell og artig bruksbil som i tillegg er veteran til neste år.

Dersom du ynskjer å sjå fleire bilder eller å lese meir om bobbla til Nils Ole kan du besøke www.volks.org eller www.vwacb.com

Til slutt kan eg ikkje la vere å ta med ein opplevelse eg sjølv hadde for ein del år sidan der ei boble var innvollvert.

Boblene frå sekstitalet var ikkje laga for dei heilt store hastighetane, og speedometera var såleis ofte begrensa til 100 eller 120 km/t.

Ein eg kjenner hadde fått tak i ei gammal boble og sett inn ein motor frå ein løpsbil. Denne motoren var så stor at det var naudsynt å skjære bort veggen mellom motorrommet og kupeen. Baksetet måtte ein fjerne. Ein sat altså å kjøyrde bobla med motoren meir eller mindre rett bak ryggen. Lydnivået var så høgt at hadde dette vore ei bedrift hadde forureiningstilsynet stengd av heile sjappa umiddelbart.

Forran passasjeren var det eit lite håndtak så passajeren kunne halde seg fast i. Det var ein viktig sikkerhetsdetalj den gongen.

Det var vinter og glatt, og eg kom kjøyrande i ein Kadett GSI med om lag 115 hk, noke så va rekna som sprekt den gongen. Då eg kom te Ølensvåg og svinga av mot Haugesund, kom han her karen med bobla i full fart bakfrå, og det vart kappkjøyring må vete.

Eg drog på utøve, og klarte å rista bobla av meg, men var oppe i relativt høge hastigheter før bobla lyt gje seg. I 190 km/t på holko på Eikelandsmyrane e det ikkje nåke særlig å sitta inne i ei bobla så har 15 tomms diagonaldekk med pigg og motoren montert inne i kupeen.

Han så kjøyrde bobbla lurte fælt på kor fort detta egentlig gjekk, og gaulte te han så sat i passasjersetet om han konne sjå på speedometeret kor fort det gjekk. Sjåføren hadde meir en nok med å halde bilen på vegen.

- Svaret han fekk var noke slikt: ”Eg e ikkje heilt sikker, me passerte nettopp ladelyset”.

Det synest eg va godt sagt.