Foto:

Britemor fyller 90 år!

Av: Knut Oma 07.09.2005

Brita Oma fyller 90 år 7. september. Ho har budd i heimen sin på Utbjoa til nyleg, men er no på sjukeheimen i Ølen.

Eit sterkt menneske må sjå i augo at kroppen strekk ikkje til slik som viljen vil. Ho har hatt eit rikt liv, der ho fyrst og fremst har hegna for familien sin, men etterkvart også fått høve til å tenkje eigen karriere. Ho vart den første kvinna som fekk jobb som portør ved Stord sjukehus og her fekk ho gode og rike år til ho gjekk av med pensjon.

I alle år har ho vore eit organisasjons menneske og det er mange lag som har hatt henne som deltaker og leiar. I yngre år var det Sanitetslag og Husmorlag som var aktuelt og seinare vart det arbeid for eldre. Ho starta opp pensjonistforeninga i bygda, ho var den første leiaren i eldrerådet i kommunen og vart også nestleiar i fylkeseldrerådet, der ho hadde 12 år i ombodet. Då ho vart pensjonist og flytta frå Leirvik og tilbake til Utbjoa gjekk ho inn i politikken og var 2 bolkar i kommunestyret.

Vi i familien er glad i henne og har stor respekt for det engasjement ho har hatt og framleis har. Livet for henne er framleis utfordrande og ho gir ikkje opp det ho meiner er rett for seg og andre. Ho har synt oss ein veg å gå i livet og har støtta opp under våre val. Vi ynskjer henne til lukke med dagen.

Nils Terje, Knut og Marie.