Foto:

Buo Landhandel 1 vekes jubileum - gratulerer

Av: Bjørn Johannessen 07.02.2001
Kåre Nymark er godt nøgd med oppstarten. Tilbakemeldingar frå kundene og ikkje minst omsetnad lovar godt.Støtte frå bygda (kundene) har vist seg gjennom dugnadsinnsats og blei markert ved Bjoa Bygdeutviklingslag på opningsdagen. .
Allereie frå kl 9.00 opningsdagen byrja kundene å strøyma til butikken. Forventningane var store og me som kunder er ikkje skuffa.






Det har vore mange tankar framme om tilleggsaktiviteter som kan skapa liv rundt butikken. Første dagen fekk me eit godt eksempel frå kreative ungdomar som hadde avtalt salgstand for si elevbedrift..


Utover dagen strøymde folk til og alle kjøpmenns draum, kø framfor kassapparatene, blei verkelighet. .


På tross av litt tekniske oppstartproblem blei me møtt av blid og opplagt betjening som hadde jobba hardt med førebuingar lenge før butikken opna. .


I den nye drøsestova samla folk seg (så mange at det måtte hentast fleire stolar) og borda blei etterkvart fylt med blomster og gratulasjonar frå kunder og leverandørar. .

Sentralt på kaffidisken var ei svær kake frå Brødrene Langeland >(god kake som "fekk bein å gå på").




Kommunens første Internettkafè var i drift frå opningsdagen. Spindelveven held maskin og linje ut i verden. .




Både kunder og leverandørar har uttykt tru og tillit til at Kåre, Vigdis
og Vibecke vil lage ein god butikk for oss. Etter ein periode utan
butikk har det gått opp for mange av oss kor viktig det er for bygda
å ha butikk og ein plass å møtast. Då blir det opp til oss kunder om
butikken skal blomstra - det er ikkje på alle områder me så direkte
kan påverka ei positiv utvikling for vårt eige lokalmiljø.


Me gratulerer og ynskjer lukke til i ein krevjande men kjekk jobb.

Helsing familien Johannessen