Foto:

Buo si historie

Av: Bjørn Johannessen 26.03.2002

Bjoanett har i påsken sakset artikler fra påskenummeret av bygdebladet "Bjoabuen". Bygdebladet for Bjoabygdene når dermed raskt langt lenger enn bare dekningsområdet. I siste nummer av Bjoabuen kan en lese historien til «Buo» på Innbjoakaien, på oppfordring skildret av Bjørn Johannessen som er oppvokst på den vakre gamle handelsplassen ved Bjoafjorden.
Buo Landhandel har nylig feira 1 års jubileum - og det er å håpa at me ser innleiinga til ein ny positiv epoke på «Buo». Mykje har endra seg dei siste åra på kaien på Innbjoa. Ser ein bakover i historia vil ein finna at det frå starten av har vore ei rekkje med store og små endringar - oppturar og nedturar. Ein kontinuerleg prosess der aktivitetane har tilpassa seg utviklinga i bygda - og i mange tilfelle har aktiviteten på Buo og vore pådrivar i utviklinga.

Kåre Nymark som nå driv butikken har på ein måte flytta etter butikken. Då handelsplassen blei etablert der han ligg nå, blei butikken flytta frå Vågsholmsundet (der småbåthavna er i dag). Der dreiv Tor Johannessen handel i ei sjøbu som låg eit lite steinkast frå der Kåre har sin barndomsheim. Denne sjøbua blei kalla for Torabuo og er opphavet til Buo-navnet som handelsstaden framleis har på folkemunne.

Men handelsstaden starta ikkje i ved Vågsholmsundet, men på Utbjoa. Nøyaktig årstal brødrene Thor og Peder Johannessen starta handel er ikkje kjent, men det finnes eit handelsbrev på Tor frå 1866. Ein reknar med at det var på denne tida dei starta opp i Skarhaugnaustet ved Utbjoa-vågen. Naustet, som nå er eigd av Agnar Naustdal og Ann-Elisabeth Fremming, står enda og blir nå pussa opp av Kystlaget. Då Peder Johannesen døydde begynte Tor å sjå seg om etter ein annan stad å drive handel. Tor og kona Ingeborg Serina (frå Grindanes på Romsa) flytta til Vågsholmsundet ein gong rundt 1890.

På den tida var sjøen den viktigaste transportvegen og det blei etterkvart oppretta fleire faste båtruter i Sunnhordland. Spesielt viktig var rutene til Bergen. Tor fann snart ut at det var lite framtidsretta å driva handel der det ikkje var tilflot for rutebåtane - det kunne til tider vere problematisk å losse og laste i småbåt ute i Bjoafjorden.

Garden Lyborg blei kjøpt frå Eikehaugen i 1895 og Tor gjekk i gang med bygging av kai. I 1905 var Tor, Serina og 10 barn igong på den nåverande handelsstaden. Ein del av flyttelasset var huset som etterkvart blei innreia med krambu i kjellaren. (dette huset vart seinare seld og flytta - tilbake til Apalvik). I 1905 var òg vegen rundt Bjoalandet ferdigbygd og Tor såg det så viktig å bli tilknytta den at han av eigne midlar bygde deler av vegen ned til kaien.

Anlegget var nå kommunikasjonsmessig svært godt tilrettelagt for å drive handel. Kostnadane var imidlertid så store at Tor ikkje var i stand til å betjene gjelda til grossisten sin i Bergen og då sonen Johannes og kona Berit i 1917 flytta heim frå Bergen for å ta over butikken, levde butikken kun på nåde frå grossisten.

Johannes, som hadde vore i opplæring hos denne grossisten, greidde å overtyde han om at butikken hadde ei framtid. Johannes kunne dra nytte av dei invisteringane faren hadde gjort på kommunikasjonssida - og dei gode forretningskontaktane han hadde opparbeida seg i Bergen.

Utover i 20-åra begynte ei stor utvikling i landbruket som var hovudnæringa i Sunnhordland. Dette opna for handel med nye varer som t.d. kunstgjødsel og kraftfor. Johannes var tidleg ute her og fekk etterkvart eit stort kundenett i heile Sunnhordland. Dette gjorde at han bygde det store sjøhuset som var ferdig i 1929. Her flytta òg bakeriet inn som òg hadde kundekrets langt utanfor bygda. Trongen for
nye og større butikklokaler meldte seg etterkvart og i 1933 var hovudhuset på kaien ferdig.

For Johannes var kommunikasjon eit nøkkelord. Som faren engasjerte han seg t.d. i utviding av postjenestene - frå brevhus til postopneri - og telefonsentral for bygda. Viktig var det å halda kaianlegget oppdatert for å kunne ta imot dei stadig større båtane som blei sett inn i rutesambandet til Bergen. Ein klar baktanke han hadde med å vere pådrivar for at dei lokale bøndene skulle begynne å selge melk til meieri, og kjøp/vidaresal av egg, var å få sikra godsrutene til bygda.

Innbjoa var utover frå 30-talet den nest største godshavna i Sunnhordland - etter Leirvik. Innbjoa var òg ein av dei få plassene som hadde kaianlegg som var oppdatert til å ta imot gamle m/s Sunnhordland då den blei sett inn i Sunnhordlandsruta i 1949.

Tida før og like etter krigen var òg utbygging av elektrisitet
til Bjoa ei flaggsak for «Johannes Buo». Medan tida før krigen var
prega av mykje varer å selge, men lite penger hos kundene, blei det
omvendt i åra etter krigen. Rasjonering på viktige varer gjorde det vanskelegare å drive handel.

I 1960 var butikken igjen ute av stand til å betale rekningane sine og måtte nystartast med ny kapital - nå i aksjeselskap. Tida frametter nå blei for Erling og kona Olga, som hadde teke over drifta, harde år med å byggje opp att kapital i forretningen. Utover på 70-talet blei tidene noko betre att - igjen basert på landhandel med stor varebreidde og eit driftig landbruk. Erling kunne etterkvart by på eit av dei store distriktslagera for kraftfor og gjødsel på Vestlandet.

Perioden frå 1985 og fram til i dag har vore prega av dramatiske endringar for detaljhandelen. Tusenvis av småbutikkar rundtom i landet har måtta gi seg. Dette har me òg fått merka i bygdene våre med fråfall av to daglegvarebutikkar. Frå fagleg hald blir det rekna som modig det Kåre Nymark gjorde då han tok over butikkdrifta på Innbjoakaien etter Liv og Svein Yrke 1. februar 2001. Sjølv om eit viktig inntektsgrunnlag forsvann då Felleskjøpet kjøpte opp Stormøllen og la ned kraftfor/gjødsel- lageret på Bjoa, er det nye spennande ting på gang og tru på at Innbjoakaien kan halda fram som eit servicesenter for bjoabuen og dei som gjestar bygda vår.

Leigeinntekter frå butikken er ikkje lenger nok til å halde plassen i drift, men ein oppegåande butikk er heilt avgjerande for å kome vidare
med utviklinga på kaien.

Foto: Marit Eikehaugen. Skarhaugnaustet ved Bjoavågen på Utbjoa, forløperen til Buo Landhandel.