Foto:

Bustadfeltet i Apalvik

Av: Kåre Frøland 15.01.2001
Bustadfeltet i Apalvik på Innbjoa er eitt av dei flottaste felt i Sunnhordland og på Haugalandet.

Kven kan konkurrere me
d utsikt ut over Sunnhordlandsbassenget, direkte, kort og bilfri veg til skule, barnehage, gymsal, idrettsbane, fritidsklubb og bibliotek? I gangavstand frå feltet finn du svaberg, brygger, langgrunne vikar og småbåthamn!
Feltet er no ferdig opparbeidd med over 20 tomtar.

Kommunen starta som utbyggar og disponerer framleis nokre tomtar for sal. Storparten av tomtane har Berge Sag og Trelast i dag hand om. I den kommunale perioden var det inga marknadsføring av feltet. Det kom fram ein del kritikk av kommunen i samband med dette og uttrykt ei viss undring over korleis ein kan gjere så store investeringar og ikkje drive noko marknadsføring for å gjere tilbodet kjent.
”Bjoabuen” har stilt spørsmål til Berge Sag og Trelast om utbyggingstempo og kva strategi ein legg seg på i marknadsføringa. Per Berge gjev uttrykk for at firmaet er svært nøgde med utviklinga så langt. 3 hus er bygde og det 4. kjem snart i gang . Firmaet har og byggjemeldt ein tomannsbustad retta mot yngre familiar. Denne vil bli oppstarta når den eine halvparten er selt.

Når det gjeld marknadsføring gjev Berge uttrykk for at den beste marknadsføring er å starte husbygging i eit felt. Dette flotte feltet vil marknadsføre seg sjølv. Røynsla frå andre felt er at når husa tek til å kome opp så tek det av.

Den store innflyttinga til Bjoa den seinare tid gjev gode utsikter både for dette feltet og ledige hus elles. Det er registrert press i marknaden og utviklinga er svært positiv. Bjoa er inne i ei spennande utvikling!