Foto:

Butikk eller ikkje butikk - det er spørsmålet

Av: Kristian H. Resset 02.04.2002

Bjoa har mange kvaliteter å by på, mellom anna har ein kort veg til butikken når ein treng å handle noko. Men det er med butikken som med dei fleste andre godene her i livet – om ein ikkje gjer seg nytte av dei, kan dei ein dag vera borte.

Som Kåre Nymark seier, er det ikkje noko i vegen med sjølve marknadsgrunnlaget. Vi må rett og slett bli flinkare til å nytte nærbutikken vår, ellers kan han vera ein saga blott om kort tid.

Eg hugser godt kor tungvindt det var å måtte til Ølensvåg
eller Ølen dei månadene det ikkje var butikkdrift på Innbjoa, enten ein trengte daglegvarer, bensin og dieesel eller snop. Vi må bli flinkare til å sjå verdien av å ha ein nærbutikk, ikkje berre for å ha ein stad å kjøpe daglegvarene, men som eit samlingspunkt i bygda, og eit symbol på at Bjoa er ei bygd med livets rett.

Jarle Sandsgård. En god dag på den nye Drøsestova.