30.11.06 kl 19.30 på Bjoa skule.
Mykje viktig skjer i den nye kommunen vår. Både politikarar og kommuneadministrasjon har store utfordringar når framlegg til kommuneplan og budsjett/økonomiplan skal utarbeidast.
Viktig nå er det at innbyggjarane kjem med sine innspel før kommunestyret gjer endelege vedtak. Difor tar Krinslista for Haugsgjerdet, Innbjoa og Utbjoa initiativ til bygdamøte med informasjon og diskusjon.
Eit viktig tema er òg korleis me får best mogeleg påverknad på politikken i kommunen. Er det eit ynskje frå bygdane våre at Krinslista for Haugsgjerdet, Innbjoa og Utjoa stiller til kommunevalet i 2007?
Alle, uansett kva liste du stemmer på, er velkomne til informasjon og diskusjon på desse emna:
1. Formannskapet sitt framlegg til budsjett for 2007 og økonomiplan 2008 – 2010.
Ingrid orienterar og tek imot innspel.
2. Kommuneplan
Kommunen sitt viktigaste styringsdokument blir i desse dagar sendt ut som høyringsdokument. Kåre gir ein kort presentasjon og dreg fram sentrale problemstillingar for meiningsutveksling og innspel til vidare handsaming.
3. Krinslista for Haugsgjerdet, Innbjoa og Utbjoa stiller liste til kommunevalet 2007 dersom innbyggjerane i grendene våre ynskjer det.
Møt opp og sei di meining.
Dersom du har meiningar om dette men ikkje kan møte kan sjølvsagt òg formidla ditt syn til representane våre nå: Ingrid, Bjørn eller Kåre.
Spesielt kvinner og menn i alle aldrar og med alle politiske meiningar blir oppfordra til å møte!
Vel møtt
Krinslista for Haugsgjerdet, Innbjoa og Utbjoa
Foto: Elin Arianson. Fjellgardsvatnet