Foto:

Bygdelista - noko meir enn eit vanleg parti

Av: Marit Eikehaugen 09.09.2003

Fra Bjoa Bygdeliste har vi mottatt Program for kommende 2 års periode. Sitat: - Bygdelista representerer sitt lokalsamfunn på ein annan måte enn det tradisjonelle partiet. Grendamøtet er det høgaste organet og bygda sine ulike ressursar står såleis bak kommunestyrerepresentantane.

Dette representerer igjen ulike mulegheiter som partia ikkje har like lett tilgang til. Då taket på Bjoa skule skulle skiftast, var det ikkje pengar nok på kommunebudsjettet. Dugnad var løysinga for gjennomføring av prosjektet. Bygda sine representantar i formannskap, kommunestyre og byggjenemnd kunne utan å tvile gå inn for eit vedtak som godkjenner eit byggjeprosjekt der dugnaden er ein integrert del av gjennomføringa. Bygdefolket stilte opp og prosjektet vart gjennomført med glans.

Denne direkte kontakten med innbyggarane sikrar demokratiet vel så godt som eit tradisjonelt parti. Rolla som ombodsmann for innbyggarane er her levandegjort! I dette ligg bygdelista sin styrke!

KRINSLISTA FOR UTBJOA, INNBJOA OG HAUGSGJERDET - PROGRAM 2003- 2005.

KRINSLISTA - DIN GARANTI FOR AT GRENDENE IKKJE BLIR GLØYMDE!


”Ølen kommune er eit samfunn av livskraftige grender. Innbyggjarane har trygge oppvekstvilkår, arbeid, kulturtilbod og eit nettverk som gir omsorg gjennom livet. Alle krinsane har auke i folketalet, og kommunesenteret er bygd ut til eit sterkt regionsenter for kommunikasjon, undervisning, handel og service.”

(Visjon for Ølen kommune i 2006. Vedtatt i k-sak 36/94)

Krinslista stør opp om denne fråsegna og gjer desse orda til våre. Bygdelista har lenge arbeidd mot dette målet og vil halde fram med det!

Prinsipp.
Bygdenorge er i endring. Sterke krefter- sentralt, regionalt og kommunalt- arbeider for sentralisering og trur at dette er vegen å gå.

Ølen kommune skal slåast saman med Vindafjord for å bli eit kraftsenter på indre Haugalandet. Sentraliseringskreftene vil arbeide vidare i si tru på at vi dermed kan ta opp konkurransen frå Haugesund, Stavanger og det sentrale austlandsområdet. For å oppnå dette vil presset for å sanere bygdene og dei såkalla ”spreidde ressursane” auke.

Bygdelista vil arbeide for å motverke sentraliseringa. Dette gjer vi ut frå ei anna forståing av korleis sentraliseringskreftene verkar. Ølen (og nye Vindafjord) vil ikkje kunne ta kampen opp med dei store regionale sentra (Haugesund/Aksdal) gjennom lokal sentralisering. Vi har ikkje vilkår for ein slik kamp- korkje m.o.t. kommunikasjonar, økonomiske ressursar, folketal eller sentrums-struktur.

Ved å satse på det vi allereie har av kvalitetar vil vi kunne tilby eit alternativ for dei som ikkje ynskjer å bu i sentrum eller i dei store sentra.

Praktisk politikk.

Bygdelista vil halde fram sitt utrettelege arbeid for å sikre Bjoa som eit levedyktig lokalsamfunn ved å møte utfordringar og mulegheiter.

”Gode lokalsamfunn” er det mange som har med i festtalane. Bygdelista vil ha- og har hatt- ein praktisk politikk som viser kva vi står for når det kjem til konkret handling. Vi vil halde fram med den aktive sikringa av:

-Spebarnkontroll.

-Barnehage.

-Skule /SFO.

-Bibliotek.

-Buss og kommunikasjon.

-Trygdebustadar.

-Heimesjukepleie og eldreomsorg.

-Bustadfelt og spreidd busetting. (Kpl/ reguleringsplanar.)

-Veglys.

-Asfaltering og vedlikehald av offentlege vegar.

-Arbeide ovanfor private og offentlege instansar for å synleggjere Bjoa sine kvalitetar og mulegheiter.

Grendene:

-Både Vikebygd, Ølensvåg, Ølensjøen og Bjoa har gode kvalitetar- kvar på sin måte. Desse grendene utgjer Ølen kommune og som bu-og oppvekstområde har dei svært mange av dei kvalitetane som sentrale strok prøver å skape på nytt. Vi må difor i det konkrete og daglege politiske arbeidet sjå til at vi tek vare på dei kvalitetane grendene har og at desse blir positivt utvikla vidare- ikkje sanert.

Kommunen.

Vi treng eit godt utbygd senter for private og offentlege tenester. Dette er og til nytte for grendene. Bygdelista vil i perioden vere aktivt med i arbeidet for å styrke tenestetilbodet for kommunen sine innbyggarar og næringsliv.

Den ”nye” kommunen.

Folkerøystinga var ikkje eit mål i seg sjølv, men eit første steg på vegen. Storkommunen skal møte utfordringar og skal vere eit middel for å betre vilkåra for innbyggarar og næringsliv. Med dette i minnet vil bygdelista delta aktivt i arbeidet med utforming av den nye kommunen.

Regionen.

Bygdelista vil halde fram sitt arbeid for å gripe dei mulegheitene som byr seg for å styrke regionen og vil på alle måtar støtte tiltak som totalt aukar kommunekvaliteten og livsvilkåra for innbyggarane.

Etne og Suldal er naturlege samarbeidspartnarar på ”Indre Haugalandet”. Næringsliv og innbyggarar ser ikkje grensene, men ser det mangesidig praktiske samarbeidet i det daglege. Dette samarbeidet må snarleg gjennomførast også på politisk nivå! - Sitat slutt.

Foto: Marit Eikehaugen. Kjente listekandidater med adresse 5584 Bjoa. Bjørn Johannessen, Kåre Frøland og Ingrid Elise Steinsland.