Foto:

Bygdelista står på vidare - om du vil

Av: Kristian Resset 13.09.2015


Måndag 14. september er det val i Vindafjord. I løpet av ein enkelt dag med røysting formast dagleglivet til folk i heile kommunen for framtida. Bygdelista stiller seg til rådvelde for fire nye år.

- Du finn fleire artiklar samt programmet vårt på http://bbl.bjoa.no

Me har ikkje nokon partiorganisasjon i ryggen med fine ideologiske formuleringar som vi må stå på hardt for å selje lokalt. Det er me glade for, lokalpolitikk handlar om bygdene våre og dei som bur der. Om kvalitet, trivsel og tryggleik innan helsetilbod, omsorgstenester, skule og barnehage. Om effektiv i drift, tenesteproduksjon og sakshandsaming. Om å sikre lokaldemokratiet gjennom opne prosessar som gjev rom for involvering.

Bjoa bygdeliste - for heile kommunen
Me har jobba hardt i mange år for at alle bygdene i heile Vindafjord skal vera gode plassar å bu, om det er Ølensjøen, Imsland, Vik eller Bjoa. Ganske enkelt fordi det som gagnar dei som bur på Innbjoa også gagnar dei som bur i Vågen eller Åmsosen. Dei fleste har fått med seg at ein ikkje kan drive kommunepolitikk i årevis tufta på å berre jobbe for særinteressene til ei enkelt bygd - ved valet i 2011 fekk me røyster frå alle dei 9 valkrinsane i kommunen.

Politikk er eit verktøy - ikkje eit mål i seg sjølv
Det er ikkje noko mål i seg sjølv for oss å drive politikk. Politikk er berre eit verktøy for at dei felles interessene våre skal bli forvalta på ein effektiv og god måte. At vi tar heile kommunen i bruk ved at kvar bygd får dyrke sine kvalitetar og eigenart. Variasjonen i kultur, aktivitetar og butilbod kombinert med tilfredsstillande kvalitet på viktige tenester og infrastruktur som veg, breiband, skule/SFO og barnehage er det som skal vera styrken til Vindafjord i åra som kjem.

Sentral og vital - ikkje sentralisert og skral
Beina me skal stå på må vera solide. Administrasjon, tenesteyting og politisk verksemd må bli meir effektiv, open, inkluderande og etterretteleg samstundes som at me skal ivareta ansvaret vårt som arbeidsgjevar på ein betre måte enn i dag. Vindafjord kommune skal vera vital og sentral, ikkje sentralisert og skral.

Faktabasert politikk skapar levande bygder
Bjoa bygdeliste har endt opp med rolla som vaktbikkje i Vindafjord. Me har vore dei som i første rekkje har vore mot å handsame saker når saksframlegga har vore mangelfulle. Me har vore mot at vedtak blir fatta utan tilstrekkeleg med fakta eller involvering frå dei som best merker konsekvensane. Me har vore del av posisjonen i Vindafjord i åtte år, men er ikkje redde for å innrømme at mykje framleis må gjerast betre i kommunen vår. Det er det "levande bygder" handlar om, at ein ikkje uten vidare køyrer over enkeltmenneske og små grupper berre fordi dei ikkje gjev mange nok røyster ved neste val.

Politikk handlar om konsekvensar
Når Arbeidarpartiet er dei som går føre for å fjerne eigedomsskatt og Senterpartiet jobbar for fortetting og mot desentralisert busetting er det ikkje så lett å sjå partifargane att i praktisk lokal politikk. Difor er det viktig å ha nokon som står på for at ingen politikarar (bygdelista inkludert) skal kunne vri seg unna at ein ikkje var klår over kva ein var med på å vedta. Dei gongene dette skjer må ein ta lærdom og gjera noko for å sørgje for betre prosessar i framtida, ikkje berre trekke på akslene og unnskylde seg med at "slikt hender". Ingen er perfekte, men alle kan bli betre.

Viktig å ha bygdelista
Me skjønar godt at ein røyster ut frå personleg overtyding om kva retning utviklinga i samfunnet skal ta, og at det difor blir enklast å røyste på parti som står for same syn nasjonalt. Men når dette gong på gong syner seg å ikkje bli spegla i politiske vedtak lokalt, er me overtydde om at bygdelista er viktig å ha med i politikken vidare.

Me står på vidare - om du vil
Anten får me mykje å jobbe med i fire nye år, eller me får masse herleg fritid. Dette er det no du som avgjer - me stiller oss til rådvelde. Me er så heldige å bu i eit land med lange demokratiske tradisjonar både nasjonalt og lokalt. Men demokratiet er ikkje sterkare enn den valdeltakinga innbyggjarane bidreg med. Har du ikkje førehandsrøysta allereie, så kom deg av garde på valdagen. Er du mest komfortabel med å røyste på eit tradisjonelt parti kan du framleis støtte det bygdelista står for ved å gje oss personstemmer på dei andre listene.

Lukke til og godt val.