Foto:

Då ”Tor” held haustfest over Haugalandet

Av: Helge Nagell Alne 03.10.2005

Ei lita skildring frå stormnatta nyleg.

I det herrens år 2005 held guden Tor haustfest over Haugalandet. Eg sat aust i Alanåsen og bivåna det heile.

Festen starta med at Tor brukte hammaren Mjølner på Steinsfjellet. Det blinka og gnistra rundt masta som eit enormt fyrverkeri. Haugar og åsar i kring vart opplyst som det skulle vore dag, over natthimmelen. Senteret for festen var over Sveio og Førde, for der vart det sendt opp rakettar, så tett som rivetindar, hundrevis av meter til vers, men ikkje nok med det. Tor sende opp eit kulelyn så stort som eit digert glødande romskip over Førde. Det vart sendt rett opp for så å gå vassrett nord mot Valestrand før det slokna.
Det la seg ein blåfiolet røyk over heile Ålforden. Eg såg den i lynglimta, Vikebygd vart opplyst som om det skulle vera ein solskinnsdag, det var nifst, tykte eg kjende lukt av svovel. Tussar og småtroll gjøymde seg i haugane den natta.

Tor tykte nok det vart for turt og varmt, så han sende ein hær av vassmenn vest frå havet. Dei kom rekjande med grå kappar og blåkvitt ragg, for å dynka landet. Eg sat innfor stoveglaset og såg at det vart spylt, som med vasskanon. Stormen ylte og peip i nova som håse klarinett, og toreskralla gav atterljom i Trodlanibba. Eg kvakk så eg bykste or godstolen. Vikefossen vart diger, den hadde fått flagrande kvitt skjegg, eg kunne skimta den i lynglimta.

Det vart ein liten pause før andre akt. Tor ville ikkje slutta av festen enno, han sende møyane sine til vers for å dansa polka, dei var høge og slanke, med raudoransje stakkar og fiolett skaut. Dei dansa enkeltvis og parvis. Det var to som bykste opp frå Sveiolandet, då dei var kome høgt nok opp, slo dei seg i lag og dansa ein grasiøs balettdans over himmelen, dei stansa ikkje før dei var over Haraldshaugen. Dei ville nok vekkja kongane der, for å by dei opp til dans, og vera med på nattgilde, og dei dansa vilt over Hodnafjedle, Valhest, Steinsfjedle og Emberlandsnuten, og tilbake på nutane. Himmelen var oransjegul, så det var eit mektig syn, og festen varte til langt på natt. Eg har opplevd syklon i det indiske hav, der det lynte titt, og hagla var store som blåplommer og eg har sett krigshandlingar i Vietnam og Kambodsja, det var uhyggeleg, men det var sist natt også.

Foto: Marit Eikehaugen. Trolsk lys ved Plassabakeriet mot Ålfjorden.