Foto:

Dagsenteret helsar Marit

Av: Liv-Kari Bødtker 28.03.2001

Onsdag var dagsenteret på besøk i stovene på Buo, der dei blei informert om internett.
Takk for helsinga,Marit, du føl med frå Tyskland, ja! 21 damer og ein mann (Erling!) sit nå og kosar seg i dei flotte stovene på Buo. Liv-Kari og Ingrid Johannessen har stått for serveringa.

Kristian frå Spindelveven fortalde om internett på eit lærerikt og folkeleg nivå, og Jarle har demonstrert kva me kan finna på skjermen. Ekstra koseleg var det at Bjørn var her for å helsa oss velkommen, og Olga og Erling har vore med oss heile tida.

Neste gong (onsd. 25.april) skal me til Ølen og sjå på det nye Eiotunet. Så pensjonistane på Bjoa er ikkje himføingar!
(Gunnbjørg var ikkje i dag, men hadde sendt loddpengar med Hedvig, og helsinga blir overbringa same vegen).