Foto:

Dei rike opplevingane

Av: Helge Nagell Alne 29.10.2002


Når tid er penger - og verdier....

Dei rike opplevingane

(av Helge Nagel Alne, Vikebygd)

Å få følja ei nyklassa ferje over fjorden
er ei rik oppleving.
Fjorden lillablå og vestavinden som drys kvite blomar på bølgjetoppane.
Då er ein rik.
Eller å få sjå Melderskin og Folgefonna glitra med sine kvite toppar,
der dei er kransa med grøne lier.
Det er også ei rik oppleving.

Ein tidleg morgon å få nyta ein kopp kaffi på øvre dekk
og sjå kallane med sine båtar dra feit lyr og sei på Valebråta.
Eller ein stille vårkveld,
når småbåtane sig kring Føynå og dørjar etter pala.
Når Bømlafjorden er frisk
og seglbåtane fer som svaler over vatnet.
Då er ein rik.

Eller når sola glar ein sumarkveld
å få sjå Siggjo og Stovegolvet vera svøypt i myriader av gull.
Det er eit vakkert syn.
Eller å stå på akterdekket ein augustkveld
og sjå morelden glitra som diamantar kring skutesida,
med stjernehimmelen over.
Det er eit vakkert syn

Å komma ned til ferjestøa
og få helsa og drøsa med kjend og ukjend er gilt,
mens ferjene kjem og går.
Når vår ferje kjem,
få nikka og helsa på eit triveleg mannskap.
Det er også ei rik oppleving.

Når dette er slutt og ferjene er borte,
då er ein fattig på slike opplevingar.

Når det vert grave hol i jorda,
slik meitemarken gjer,
der bilar, turistbussar og trailarar rasar nedi
og kryp oppatt på andre sida,
Som tussalus og tusenbein.
Ille luktande og svarte,
Frå eit mørkt hol.
Då er ein fattig,
særleg på rike opplevingar!