Foto:

Det 102. Vikestølsmøtet

Av: Steinar Skartland 04.07.2002

Tradisjonen tru vart dette årlege stevnet halde oppe på Vikestølen siste søndag av juni, og med nær 100 frammøtte i sol og fint ver.

Dagane før stemnet var det eit heller usikkert ver, med kraftige regnbyger. Laurdagen var bra, men så vart det regn om kvelden att. Korleis ville sjølve dagen bli?

Men søndagen var det fint. 3 bilar stilte opp med kyrkja i Vikebygd, slik at dei eldste som ikkje klarte å gå opp dei bratte bakkane, skulle få køyra seg. Knut Østrem stilte med ein god 4-hjuls dreven pickup med overbygg og Steinar Skartland med ein 10 seters buss som også hadde 4-hjuls trekk. I tillegg til ein tredje bil. Ein kasse brus, 3 gitarar og eit trekkspel fylgde også med på turen. På vegen oppover snigla vi oss av garde på første giret, over stein og humpar. Og gleda var stor over at vi passerte mange som var på veg oppover til fots. Dette såg bra ut.

Vel framme på stølen møtte vi dei som var tidleg ute. Og det strøymde på. 90 - 100 store og små fann vegen oppover, enten frå Eikås på Bjoa eller frå Vikebygd. Dei kom frå eit vidt distrikt, også heilt frå Karmøy og Haugesund. Ja + feriegjester frå Bergen og frå Tyskland. Til tross for mykje mygg, så valde vi å vera ute på terrassen ved hytta denne gongen. Vi var for mange til å sitja inne i hytta, og det var for vått i terrenget til å sitja på tuene og berga oppe ved støtta.

Karl Johan Granberg heiste flagget, mens flokken song: "Løft ditt blikk du ungdomsflokk, se korsets tegn." Formannen i styret, Steinar Skartland ynskte velkommen, før Hans Asbjørn Aasbø opna møtet med bibellesing, og leia flokken gjennom trusvedkjenninga. Han spelte også trekkspel til allsongen.

Så fekk Arild Nyvold ordet, som hovudtalar for dagen. Han talte vel og varmt om Jesus som innbyr oss alle til å ta i mot frelsa. Du treng berre ta i mot Jesus og bekjenna Hans namn - så skal du få tru deg frelst. Det er ikkje avgjerande korleis du føler deg. Stol på Jesu lovnad om frelsa til kvar den som trur. Gud er ikkje ein sint gamald bestefar som slår oss med ein stokk når vi har gjort gale, men han er vår far som vil at alle skal bli frelste. Arild Nyvold oppfordra dei som ennå ikkje hadde teke imot Jesus i hjarta sitt - om å gjera det nå.

Etter meir allsong:
"Hvem som helst kan bli frelst, Som til Gud seg vender.
Dette bud Herren Gud ut i verden sender.",
så vart det bøn for bygdene våre, avslutta med stille bøn og FaderVår.

Einar Eriksen song så 2 solo songar og formidla på den måten endå meir av bodskapen om Jesus. Han vitna og song også i det andre møtet seinare på dagen.

Etter dette første møtet så måtte ein sjølvsagt ha pause med matøkt. Termosane og nistepakkane kom fram. Heldigvis var det nokon som kom på bruskassen etter ei stund, så dei som ikkje hadde drikke nok med fekk kjøpa seg ei flaske. Jens Tveit hadde med seg nokre eksemplar av boka med dikt av Birgit Veastad Helland, for dei som ville kjøpa denne. Og nokre nytta også høve til å få seg eit skrapelodd til inntekt til søndagsskulearbeidet i krinsen.

Om lag kvart over 2 samlast vennene igjen. Ikkje så mange denne gongen, men ein god flokk likevel. Det vart allsong, solosongar og duettsongar. Steinar Skartland opna med ein andakt over dagens kyrkjetekst, og mange av dei som var møtt fram ynskte ordet til vitnesbyrd og helsingar. Karl J. Granberg minte om Hallesby sin tale i radioen. Vi må hugsa på at det er 2 mogelege utgangar av dette livet: Evig død eller evig liv. Vel rett, og gjer det nå. Korleis kan ein som er ufrelst leggja seg om kvelden utan å vita kor han vaknar ? Han oppfordra til å ta i mot nå. Også Vikestøl veteranen Magnus Sørhus var frampå med sitt vitemål og takk for at han endå ein gong skulle få oppleva å vera med. Elles var det mest kø av dei som ville dela ordet med venene.

Så gjekk dagen mot ein slutt. Arild Nyvold oppsummerte litt av dei tankane som var komne fram, og runda såleis av møtet. Til slutt les venene velsigninga saman og slutta av med songen:
"Vi må videre frem."