No er det tid for ferdigstilling av arbeidet med uteområda på Skulen!
Det vert difor dugnad på sykkelløypa, turnbassenget og volleyballbanen ved Bjoa Skule. Det som skal gjerast er:
Samansetjing av turn-utstyr.
Ein del gravearbeid i samband med fundamenter og sykkelløypa.
Støyping av fundamenter for apparater og volleyballstenger.
Grusing av Turnbassenget, volleyballbanen og sykkelløypa.
Til den tyngste delen av gravearbeidet har me ordna med gravemaskin. Verktøyet som trengs er grafser, spader, trillebårer, fastnøklar, pipesett, vannpumpetang etc. (-har du traktor med skuffe kan det komme til nytte!)
Me har sett av den 26-27. januar og 2-3.februar til dette, men med godt oppmøte kan me klare det i løpet av den fyrste helga. Her er det arbeid for små og store, så ta med reiskapar og familiemedlemmer.
Me håpar at flest mogleg kan koma.
Fredag 26.januar og 2.februar kl 1700 til det vert mørkt.
Laurdag 27 januar og 3.februar kl 0900 og utover.
Gje beskjed til Sonja på tlf 53 76 97 88 om De kan stilla.
Med venleg helsing
Bjoa FAU
Foto: Marit Eikehaugen. Fra en tidligere dugnad på skolen.