Foto:

Dugnads-dag på Bjoa


Av: Jarle Sandsgård 22.04.2000

Påskeaftan blei den store dugnad-dagen på Bjoa.
Ved klubbhuset til 4H skar ein opp ved, og ved vasstanken på Leite rydda ein plass for det nye reinseanlegget.
Bjoa 4H ryddar området rundt klubbhuset, og ved ni-tida laurdag morgon tok nokre av klubbrådgjevarane for seg ein
dunge med ved som skulle kappast opp i kubbar. Etter to-tre timars arbeid hadde ein ved hjelp av ei kappsag fått kutta opp
tre store biltilhengjar-lass med ved.

Ved vasstanken på Leite starta fotballgruppa opp sin dugnad ved ti-tida. Vassverket skal laga eit reinseanlegg ved tanken,
så området rundt måtte ryddast for skog. Ein gjeng på 12-15 personar møtte opp med motorsager og traktorar, og ved eitt-tida
hadde ein felt ned det som skulle vekk. Då måtte ein avslutte arbeidet, for ein time seinare var det fotballtrening.
Mykje av skatet er fjerna, men det er ein del att som skal takast på ei kveldsøkt.

Fotballgruppa på Bjoa får 4000 kroner for denne jobben.