Landbruket er og har vore den viktigaste næringa på Bjoa. Kanskje blir den enda viktigare framover.
På tur til Gråhoga med litt dårleg kondis fekk eg fleire høve til å stoppe opp og få eit flott overblikk over den flotta bygda vår. På ein av rasteplassane slo det meg at jordbruksbygda Bjoa har vel så mykje dyrka innmark nå i høve til kva eg kan minnast å ha sett på mine turar i yngre dager (med langt betre kondisjon). Fekk liksom ikkje det heilt til å stemme med det som er vanlig oppfatning av tilstanden i landbruket og framtidsutsikter i norsk landbruk. Kunne faktisk sjå opptil fleire nydyrkingsfelt og mange rimeleg nye driftsbygningar på gardane rundtom. Eit av bygga eg merka meg var den nye driftsbygningen på Nordtun på Dalsbruket. Den såg ut til å vere dimensjonert for stordrift. Vel optimistiske, Øystein og Anita Sandsgård tenkte eg – med EU, dårleg lønsemd, vanskelege generasjonsskifte og andre styggedomar som eg oppfattar at bøndene i Norge slit med.
Med det utgangspunktet at ”mannen kan kan ikkje vere heilt vel bevart” stakk eg bortom eit par dagar seinare. Det var rundt ett-tida (har høyrt at bøndene er heime på sofaen på den tida). Skulle vise seg at der røyk den første fordomen min. Øystein var nemlig ute på nydyrking (men det styrka teorien om at mannen ikkje kan vere heilt ”vel bevart”). Berre det eg kunne sjå av bygg, nydyrking og vedpaller tilsa at det ikkje kan bli så mange timar på sofaen når ein skal halda drifta i gang på ein gard.
Litt lei for eg ikkje fekk finna ut om mannen er ” vel bevart” måtte eg reisa heim att. Men dagen etter traff eg Øystein – på nærbutikken. Slo meg faktisk då at uten Øystein og dei andre bøndene hadde i allefall ikkje nærbutikken vore bevart. Uten landbruket i bygda hadde det nok ikkje vore nærbutikk i det heile.
Eg prøvde teorien min på Øystein – ”om han var vel bevart”. Han kunne ikkje utan vidare avkrefta det heilt, men det han fortalte om spente nok bein under påstanden for mitt vedkomande. ”Må tørra å satsa, vettu – elles kan me berre pakka samen”, var første kommentar. Enten ein likar det eller ikkje er det ein forutsetning for å ha ein leveveg i landbruket at ein driv lønsomt og då må ein innretta seg slik at garden skal vere drivverdig i framtida. Med det som grunnlag har Øystein og Anita utvikla garden sin med nydyrking og ny driftsbygning for framtida.
Fant ikkje mykje ”krisestemning” i samtalen med Øystein på kaien den dagen. I tillegg var han mest opptatt av å framheve at han ikkje var den einaste gardbrukaren på Bjoa som var motivert og hadde tenkt vere med i næringa i åra framover. Han hadde mange eksempel å vise til både hos naboane på Dalsbruket og ellers i bygda.
Samtalen med Øystein gjorde meg ikkje berre overbevist om at mannen verkeleg er ”vel bevart” (hadde egentlig hatt sterk mistanke om det heile tida), men at han driv i ei framtidsretta næring. Ei ny undersøkjing viser at eit stort fleirtal av nordmenn synes det er viktig å bruke statlege kroner på å halde oppe eit levande landbruk. Og i ei anna spørjeundesøkjing som nett blei gjort sa tredjeparten av dei spurde at dei helst kunne tenkje seg å bu på landsbygda.
Foto: Jarle Sandsgård. Mot Nordtun på Dalsmyrane.