Foto:

Ei oppleving me vil hugsa lenge

Bilde (f.v.): Nils Økland, Reidun Horvei og Sigbjørn Apeland
Av: Bjørn Johannessen 19.12.2000
Julekonserten i Bjoa kyrkje 17.12. blei ei stor oppleving for dei rundt 70 frammøtte.
Arrangør Bjoa Kulturforum var godt nøgde med oppslutnaden om julekonserten i kyrkja søndagskvelden. Ein roleg og fin vinterkveld harmonerte godt med det me fekk oppleva inne i kyrkja.
Svært dyktige musikerar med eit flott utvalg av musikk/sang laga ein førjulsstemning som gjorde godt i ei stressa julestrid.

Musikarane, som er av dei beste i landet på sitt felt, trivdes godt og gav gode tilbakemldingar på Bjoa kyrkje som konsertlokale.
Me som fekk med oss denne kulturopplevinga har fått litt ekstra å leve på framover - men har òg tankar om at dette kan me gjere meir av....