Bjoa idrettslag begynte i 2003 å arrangere nokre felles turar i nærmiljø. Dette var eit initiativ etter førespurnad frå medlemmene.
I 2004 starta me turprogrammet med skattejakt og turorientering på Vikestølen. Seinare blei det turar til Lokkelifjell, Baslia, Kolbeinshauglia, Kulturstien på Utbjoa, Skrubbasmog og Longåsdalen.
Då hausten kom var det i turgruppa samla seg "ein hard kjerne" av deltakarar. Desse starta då med å gå turar kvar torsdag føremiddag. I fjor haust vart det såleis turar mange torsdagar. Det er kjempeflott: ei tur/trimgruppe er med andre ord i sving!
Det er veldig kjekt å sjå at interessa er til stades og at folk vil ut på tur. Tilbakemeldingane frå turgåarane er også veldig positive, dei har det triveleg i lag og dei avtalar frå gong til gong kor neste tur skal gå. Alle desse turane blir annonsert med plakat på Buo, så følg med.
Utanom torsdagsturane vil me våren 2005 sette opp følgande turprogram:
17. april- Til Baslia via Kistedalen med retur langs Dalselva. Turleiar: Ingrid Johannessen.
April - Start av årets turorientering m/skattejakt, Turleiar: o-gruppa.
8. mai - Kulturstien på Utbjoa. Turleiar: Torunn Hetland
Turane vil bli nærare annonsert på Bjoanett og med plakatar.
Foto: Marit Eikehaugen. Fra Åsbø på Utbjoa