Foto:

Ein sommar er over……

Av: Kari Dommersnes 15.12.2005

Tenk at det snart er jul, tida går så altfor fort. For oss med båtar så ser me fram mot lysare tider, snart snur sola!

Medlemmene i Bjoa Båtlag har hatt eit travelt år. Me har hatt mange båtar i havna vår, både faste båtar og mange gjestebåtar.

Ordninga med at medlemmene har hatt kvar si veke med tilsyn har fungert kjempebra. Me har fått mange tilbakemeldingar frå gjester som aldri har sett så reine toalett og dusj, og at havna er trivelig og fin.

Ellers så held me på med nytt slipphus og eit lagerhus på baksida av klubbhytta (er det nokon som vil snekra så ta kontakt!) Me har sjekka fortøyningane før vinteren og gjort vanlig vedlikehald i havna. Me håpar at båteigerane held eit auga med båtane sine, sjekkar fendrar, fortøyningar og ser til at båtane har det bra. Også i vinter har me gjestebåtar som vil ha ei lun og isfri havn.

Til neste år håpar me å få ut ei ny flytebrygge, så hvis du er bjoabu og vil kjøpa båtplass må du ta kontakt.

Kulturdagane på Romsa vert 10. og 11. juni 2006.

Som ei julehelsing har me nå fått lys på staken ved innseilinga til Bjoa Båthavn før jul!

God jul!

Helsing styret i Bjoa Båtlag

Foto: Kari Dommersnes