Foto:

Eksotiske Bjoa!

Av: Elin Arianson 16.08.2004

Bjoa er ei eksotisk bygd !
Det blei klart for meg då eg vitja Blåbærhagen på Utbjoa i går.

Blåbærhagen til Alfred er eit fantastisk syn om dagen! Her bugnar det av flotte bær,- ja ein blir freista til å kalle Alfred for "Blåbærkongen" - for det er ikkje mange plassar i landet vårt ein finn slik ein flott blåbærplantasje! Det er flott å tenkje på at ein av dei få store blåbærhagane i kongeriket ligg nett i bygda vår!
Så då skulle det berre mangle at ikkje Alfred skulle få vera Blåbærkonge!

Blåbærkongen Alfred gjer seg ferdig med ein kunde idet me kjem inn på tunet. Alfred syner og fortel. Han går frå den eine busken til den andre,- det er mange sortar. Dei er gode alle saman. Idet eg trur eg har funne ein favoritt ber han meg smaka på ein anna sort. Jo,- den var kanskje enda betre?? Til slutt veit eg ikkje kva som er kva,- men gode er dei - alle sortane!

Det gode véret har gjort at sjølv sortar som vanlegvis kjem seinare, allereie har begynt å mognast.
I dag startar han leveranser til Bama,- men det er ikkje sikkert den lokale marknaden får nyte godt av dei bæra som går til distribusjon,- blåbæra som Bama tar imot går med transport til sentrale Austlandsstrøk.
Men for meg og mine sambygdingar bør ikkje det vera noko problem. Det er berre å oppsøkja blåbærhagen og handla direkte.

Alfred har bæra ferdigpakka på kjøla. Han har då plukkehjelp...men insisterar på at han er den raskaste plukkaren sjølv. Eg trur han!

Det slår meg at blåbæra til Alfred og Beate ikkje er det einaste eksotiske i bygda vår; dagen før var eg vitne til skjelloppdrettaren som stelte med østers som blir dyrka i fjorden her - men det er ei anna historie...

Eg avsluttar handelen og me reiser heim for å ...ja nettopp: eta blåbær med fløyte på. Nam,nam...

Foto: Elin Arianson: Blåbærkongen Alfred